Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
101
noko å arbeide med. Styret tok då til med ein marknad på Stokmarknes,
og fastsette at halvparten av inntekta skulde gå til tuberkulosearbeidet og
halvparten til ungdomsarbeidet. 14 ungdomslag ytte gåver eller pengetil
skot, og marknaden vart vellykka i alle måtar, — ikkje minst med den rekla
men han gjorde for fylkeslaget. Med i marknadstyret var m. a. fru høg
skulestyrar Løndal og student Birger Martinussen. Det kom inn på mark
naden noko over 900 kr., og det var storgildt etter høva då. — Då høgskulen
i Hassel (seinare Vågan folkehøgskule) i denne tida søkte om tilskot til
«utvida høgskule», stødde fylkesstyret (eller rettare høgskulelaget) opunder
søknaden. Styret gjorde vedtak om at fylkeslovene skulde prentast på lands
mål og (dei var før berre på riksmål); men dette vedtaket vart visst ikkje
sett ut i livet. Det var først i 1915 at fylket fekk lover på norsk. Styret
i 1908—9 gjorde også vedtak om å søkje staten om foredragstilskot Skipinga
av foredragslaget var likevel ikkje fullført før i 1911, og
i 1913 fekk det første tilskotet. — Den viktigaste tanken
styret dette året sette fram, var planen om ei kaffistove i
Svolvær. Høgskulestyrar Løndal vart innvald i styret for
å ta seg serleg av denne saka, og han kom med framlegg
for årsmøtet 1909. Svolvær ungdl. vart spurt om det vilde
gå med i husbyggjinga, og alle andre lag vart spurde etter
tilskot. Det var berre 4 lag som lova tilskot, ialt kr. 200,
og Svolvær-laget vilde ikkje ha noko med saka å gjere. I
den nemnda som vart nedsett til å setje tanken i verk, kom
Lærar Peder CarIsen.
likeve 2 svolværingar med: faktor Hornnes og lærar Meyer; dei andre" i
nemnda var: Løndal, sakf. Lie og klokkar Hægstad. — Planen gjekk ut på
å byggje ei kaffistove for kr. 6500.
1909—15: lalt i 6 år etter kvarandre var no høgskulestyrar Løndal
fylkeslagsformann. Eller rettare var det no i sår etter einannan, med di
Løndal flytte sørover hausten 1914. — Det arbeidet hans mest gjekk ut på
var å få istand kaffistova i Svolvær, og dermed skape ein trygg økonomisk,
grunn under fylkeslaget. Serleg på hans tiltak var det at kaffistova førebils
opna i leigt hus i Svolvær skirtorsdagen 24. mars 1910. Denne dagen
må ein segje er ein merkedag i fylkeslaget si soge. Til starten hadde sty
ret nytta noko pengar av overskotet som Stokmarknesmarknaden gav, men
mesteparten var lån. -— Årsmøtet 1910 vilde at ein ikkje skulde stanse her,
men skaffe stova eige hus snarast råd.
I byggjenemnda som vart nedsett, kom inn lærar Peder Carlsen og poli
timann Flekstad omfram Løndal, Meyer og Hornnes. Nemnda gjekk straks
i gang med å samle garantistar til byggjelån, og i 1912 var nystova ferdig.
Ho kosta då omlag kr. 18 000; men viste seg likevel snart å vere i minste
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>