- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
102

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

102
laget. Heile arbeidet med stova var utført av heimefolk; jamvel treskurden
på husbunaden hadde ein nordlending gjort, Eilert Ospenes. Stova var stil
full og vakker, og fekk snart godt ord på seg, så søknaden og dermed inn
tektene auka jamt og sikkert. Då Løndal reiste frå Nordland hausten 1914,
hadde kaffistova i Svolvær betalt inn att byggjekostnaden, og fylkeslaget
hadde fått den økonomiske ryggstønaden det så sårt trong.
Av andre ting som vart iverksette i Løndals formannstid må nemnast
foredragslaget. Det har fått auka tilskotet sitt år for år, og har vunne etter
kvart å bli ein viktig faktor i åndsarbeidet i fylket. Løndal freista og å få
istand samarbeid med dei kristelege ungdomslaga, serleg når det galdt stem
ner og stemnetalarar, men utan resultat. Tilbodet om å gje tilskot til løn
åt ein norsktalande ungdomsprest i bispedømet vart
opattnya i 1912. I 1913 ytte fylkeslaget det første
tilskotet til «Ungdomsbladet», som seinare vart
slege saman med «Lauvsprett» til norskdomsbladet
«Midnattsol». I 1913 vedtok årsmøtet også at
fylkeslaget skulde ha ein fast skrivar. Dermed kann
ein segje at ungdomsarbeidet i fylket fekk så å
segje ei fast form. Skrivar frå 1913— 1920 var
T. Wicklund.
Det stod alltid strid ikring Løndal. Då
han vart vald til fylkesformann i 1906, galdt stri
den djupast inne måltanken. Det same tok seg
opatt i 1912, då Svolvær-laget vilde få ein av
sine inn i formannsromet. Og når desse freist-
Trygve Wicklund.
nadene stranda mot eit aukande fleirtal, tyder dette såleis på vokster for
norskdomstanken. Dette kom greitt fram då Løndal hausten 1914 vilde
selje Vågan folkehøgskule til fylkeslaget, og då styret i 1915 kom med
framlegg om dei nye lovene. Desse lovene har til føremål å sikre at
fylkeslaget sin eigedom aldri kjem til å tene andre opgaver enn det nasjo
nale ungdomsarbeidet sine. Dei er såvidt ein veit dei første fylkeslagslovene
som trygdar lagsmidelen i samhald med N. Ul.s vedtak på Steinkjer i 1915.
Og folkehøgskulekjøpet tok dei fleste for ein ny framstøyt av målmennene.
Derfor vart det ein ny stor strid om desse sakene. 1914—15 då varafor
mannen, klokkar D. Hægstad, laut ta formannsromet, er vel det største strids
året i fylkeslaget si soge. Men venteleg og det siste — med norskdoms
saka til stridsemne i minsto. Det var Svolvær-laget som no igjen reiste
motstandet. Det vilde korkje vite av høgskulekjøpet eller dei nye fylkes
lagslovene. Men fekk berre 2—3 røyster med seg. Svolværlaget melde
seg då ut av fylket (1915) og freista samle alle andre misnøgde ungdoms

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free