- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
106

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

106
krins var visst ikkje saka fyrehavt på noko årsmøte. Det var fyrst frå
1. juli 1905, at Helgelands krins vart utmeld av Nordlands ungdoms
lag og meld inn i Norigs ungdomslag som eige fylkeslag med nam
net Hålogalands ungdomslag. Det stod då 15 ungdomslag innmelde i fyl
keslaget. På årsmøtet på Vefsn folkehøgskule 22. juli 1905 vart nye lover
vedtekne, so dette må vel reknast som årsdagen for Hålogalands ungdomslag.
Um arbeidet fyrste åra er det ikkje noko serleg å fortelje. Samskipnaden
hadde då som no lite råd til å sende rundt talarar til å hjelpe til. Derimot
reiste formannen kvar sumar rundt i laga på eigen kostnad, og mange andre
og hjelpte til på same vilkår.
På årsmøtet i Vefsn i 1913 vart det vedteke at kvart ungdomslag skulde
skipast som forelesingslag samstundes, og desse forelesingslaga skulde
skipast saman under eit Hålogalands forelesingslag. Samstundes vart det søkt
riksmaktene um tilskot. På årsmøtet i Mo i 1914 vart dette forelesingslaget
bytt i tri krinslag, Søre, Midtre og Nordre Hålogalands forelesingslag, med
serskilt styre for kvar krins, og med eit samstyre for alle tri krinsane. Slik
har skipnaden vore sidan. Noko anna serlag har ikkje Hålogalands ung
domslag havt.
Fylkeslaget har ikkje eller har ikkje havt nokor kaffistove eller anna lags-
bruk til å tene pengar pa.
Fyrste frilyndte ungdomsstemna her på Helgeland var på Nesna i 1901,
den 5. og 6. juli. Det var gudsteneste i kyrkja ved sokneprest Frette, og
tale m. a. av formannen fylkesskulelærar O. Stenbro, journalist Olav Eide
(um målsaka), av fylkesskulestyrar Hesselberg o. a.
Huset åt ungdomslaget Tiltak", Drevja i Vefsn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0116.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free