Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
107
Nokre av dei som var med og skipa ungdomslaget Nybrotu i Leirfjord 1896.
(2. karen frå vinstre er grunnleggjaren lærar Ingvald Myr, død i 1899).
Året etter var stemna i Mosjøen den 21. og 22. juli. Der tala sokne
prest Chr. Bruun, stortingsmann Bjørnåli, fylkesskulelærar Stenbro, høgskule
styrar Ludv. Benum og Odin Benum. Noko større frammøte til desse stem
none var det ikkje. Dette med ungdomsstemnor var endå noko nytt her.
Derimot i 1903, då stemna og var i Mosjøen, var frammøtet betre. Då
heldt sokneprest Anker heilnorsk gudsteneste i Dolstad-kyrkja, visstnok ei med
dei fyrste heilnorske gudstenestor her nord. I 1904 var stemna på Mo, og i
1905 var stemna på Vefsn folkehøgskule. Då var det og heilnorsk gudsteneste i
Dolstad-kyrkja ved pastor Hognestad. På stemna tala Lars Eskeland m. a.
Frå denne tida byrja ungdomen å møte mannjamt fram til stemnone og.
Det har vore stemne kvart år sidan, so nær som i 1908 og i 1919. I 1909
var stemna og årsmøtet i Norigs ungdomslag her i Hålogaland på Vefsn
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>