Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
148
brodden med å skipa basarar og innsamlingar til forsvaret, t. d. kulesprøytor
og sanitetssaker. Og fruktene synte seg i rikt mål på Nordmør.
3 Ei idrottsstemne kom i stand i Tingvoll; eit vevskeid prøvde fylkeslaget
å setja i gang; men då «Nordmør husfUtslag» heldt 2 slike, vart fylkes
laget sitt skeid utsett til seinare.
Årsmøtet var i Aure 3. og 4. juli. Formannen Ansnes sa frå seg umbo
det, og so vart A. Sørli vald.
I året 1915 —16 vart det med fylkeslaget si hjelp halde ialt 123 foredrag.
Eit vevskeid vart halde i Ålvundfjorden. Årsmøtet med stemna var det året
i Furu i Sundalen.
2QI5— 1 7 hadde fylkeslaget 4 foredragshaldarar ute; dei heldt til saman
59 foredrag og 1 preike.
Eit skeid i folkeviseleik vart halde i Todalen med lærarinne Emma Sjøl-
set til lærar. I dette året kom det til 6 nye lag; 2 melde seg ut. Styret strauk
ut 1 0 lag som ikkje hadde sendt årsmelding eller på annan måte gjeve livs
tekn frå seg på fleire år. I fylkeslaget stod då att 37 lag Årsmøtet med
stemna vart i 1917 halde i Møst i Frei 7. og 8. juli.
I 1918 skipa fylkeslaget til 15 foredrag. Meir foredragsverksemd kunde
det ikkje verta, for ikkje var det folk å få på rimelege vilkår, og smått var
det med pengar, og vrangt var det å reisa i denne rasjoneringstidi. Spele
mannen Haldor Meland tok ei spelferd og vitja umlag alle ungdomslag på
Nordmør. Han reiste for eigi rekning og på eigen vågnad.
Årsmøtet i 1919 var i Bodalen. Her sa A. Sørli frå seg yrket som for
mann, og i staden hans vart lærar Erling Kvendbø vald.
Dette er i stutte drag Nordmør ungdomslag si soge sidan det vart skipa i 1 895.
Eit stort og godt arbeid hev laget gjort i desse 25 år. Um ikkje fylkes
laget hadde vore, so hadde det visst ikkje vore mykje liv i mange ungdomslag
på Nordmør. Takk skal dei ha dei folk som kom saman 5. oktober 1895
og skipa laget. Ei serleg takk til alle formennene for laget; det er dei som
hev havt det tyngste arbeidet.
Av formennene fortener nokre å minnast mest av alle. Det er no fyrst
kyrkjesongar Peder Hals. I dei år han var formann og elles hev han gjort
mykje for ungdomssaki og elles for Nordmør. Med sine foredrag og den fagre
songen sin hev han opna augo åt folket på Nordmør for det som er norsk
og heimleg. So skal lærar Edvard Langset minnast for sitt trurøkne arbeid
for laget. A. Sørli som var formann i krigsåri, då det var so vrangt å kunna
få gjort noko, han greidde å halda arbeidet gåande likevel. Han vart aldri
trøytt av å purra dei einskilde lag til å gjera sin skyldnad, og då han i
1919 sa frå seg formannsplassen, låg alt godt til rette for den nye forman
nen. Takk skal han ha for sitt trottuge arbeid.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>