Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
149
Men det namn som lyser over alle andre innan Nordmør ungdomslag,
er fylkesskalelærar H. Norby Olsen. Sidan han vart med i laget, kan ein
trygt segja at han hev vore den drivande kraft innan laget, både dei år han
var formann og sidan og. Han er alltid på ferde når det er noko som må
gjerast for laget. Er det nokon stad det trengst ein foredragshaldar i eit
eller anna høve, so er han reide, dersom det er nokor råd for han å
koma. Og for alle nye formenn hev han vore god ågå til etter råd og
hjelp i arbeidet.
ERLING KVENDBØ.
ROMSDALS UNGDOMSSAMLAG.
(Skipa 24. juni 1895. Sjå det som A. O. Sand skriv på serskild stad i skriftet.)
Året 1910 er eit av merkeåra i Romsdals ungdomssamlag si soge i desse
25 år. Styret for samlaget det året var: A. O. Sand, P. B. Kristvik, Olav
Moen, Olina Nesje og R. Humberseth. Den sak som ungdomssamlaget
arbeidde mest med dette året var å reisa fylkesskulen« Solvang» på Vestnes.
Den einaste ungdomsskulen i futedømet, amtsskulen på Leikarnes i Vike
bukt, var komen i ei slik stode at det såg ut for at skulen skulde verta ned
lagd, og då var det at ungdomssamlaget tok seg av saka og gjekk i gang
med å reisa skulen på Vestnes.
Amtsskulestyrar Sand hadde kjøpt garden Remmem i Vestnes og han
baud seg so til å selja 40 ar jord til tuft og skulehage. Ungdomssamlaget
kjøpte so dette, og byggmeister Nerheim reiste skulen på samlaget si rekning.
Sidan den tid har samlaget vore skuleeigar. Skulen ligg svært fint til, er
godt innreidd og tidhøveleg. Einaste som vantar endå er internat og gym
nastikksal. Av årsmeldinga for dette året syner det seg at det stod 30 lag
i samskipnaden men berre 19 av desse hadde sendt årsmelding med ikring
900 lagsmedlemer. Stemna og årsmøtet vart halde 10. og 11. sept. på Sekken.
Talarar på stemna var: dr. Eide, J. A. R. Ræstad og dr. Rambeck. Preike
i kyrkja av sokneprest Sletten. Dette året vart det halde 89 foredrag i laga
av talarar som styret hadde sendt ut. Det var presten Haugsøen, kontor
mann Lars Årøsagen, forfattar Hans Reynolds, skulestyrar R. Øverlid og
amtsskogmeister Lie og formannen. Elles vart det halde 2 husflitskeid på
Årø og 2 vevkurs.
Året 1912 var det 300 årsfest ved Kringom. Formannen i samlagsstyret
sende eit sovore telegram:
«Romsdølene helsar frendane sine i Gudbrandsdalen. I minne um Skotte
hamaren og Per Klungnes takkar me i dag dei gjæve frægdarmenn for stor
dåden ved Kringom. Enn trufast me stend, når Norig krev menn».
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>