- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
155

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

155
Det noverande styret for Romsdals ungdomssamlag.
Frå høgre til vinstre sitjande: Nils Engja (form.), A. O. Sand.
Ståande: Joh. Einang, Beate Berg, M. O. Dyrstad.
styret fann det som ein sjølvsagd ting at han laut ogso taka 2dre høgda —
matsal og røykjerom.
Laurdag 18. januar kl. 7 em. vart nystova innvigd med ein gild fest.
Formenn og utsendingar frå laga var innbedne og nokre eldre ungdoms
vener og nokre av dei styrande i byen. Festen var all igjenom hugnadsam
og gild med talor av formannen, Sand, fylkesmannen, ordførar og prest
Haldor Meland spela.
Sundag 19. januar var det årsmøte i Romsdalsromet. Formannen greidde
ut om arbeidet med Kaffistova og Bondeheimen. Det hadde vore store van
skar som hadde seinka arbeidet, streik og atter streik og mangt anna, difor
vart og opninga av Kaffistova mest 1 år etter kontrakta.
Hotellet vart ikkje ferdigt fyrr til våren. Forretningsførar A. Kleve las
op rekneskapen som vart godkjend. Årsmeldinga synte at det stod 40 lag i
samskipnaden, 33 hadde sendt melding med eit medlemstal av 1568. 108
foredrag var haldne. Talarar som styret hadde sendt ut var: Ungdoms
prest Eik Næss, Gerhard Kjølås, Joh. Djupvik og so form. nokre foredrag.
3. pinsedag vart hotellet Bondeheimen opna. Det fekk dei beste lovord
av gjestene for fint og godt utstyr.
Utan tvil har ungdomsarbeidet havt mykje å segja for folket i Romsdals
bygdene. I dei fleste bygder har det vore og er det ungdomslag, og mange
av dei har samla, kveikt og nørt livet i bygda.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free