- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
156

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

156
Ungdomslaga har mange stader rudt vegen og arbeidt op grunnen for
andre lag og tiltak, t. d. songlag, idrottslag, mållag, musikklag, leselag, losjar
og avhaldslag. Ungdomsstemnone har vore dei fyrste og største kvar sumar
som har samla ungdomen og eldre med om sams hugmål og sams arbeid.
No råder ikkje ungdomslaga åleme, men nær sagt alle andre lag og sam
skipnader har teke etter med å hava stemnor sumarsdag. Men det er ung
domsrørsla som her har vore føraren og læremeisteren.
Av meir materielt arbeid som ungdomslaga har havt fyre seg op gjenom
åra kan nemnast: skogplanting, jorddyrking, vøling av kyrkjegarden, hus
flitsarbeid, innsamling til gamleheimar, reising av ungdoms- eller forsamlings
hus i bygda. Reising av bautaer. Og elles pengeinnsamling til ymse gode
sosiale saker og fyremål som har meldt seg. Ungdomslaga har vore den
største og sterkaste samskipnaden, difor har alle funne vegen til ungdoms
laga når det spurdest etter hjelp og studnad. Ved at samlaget har havt si
eiga forretning, Kaffistova på Molde, har det havt pengar til å senda ut
talarar til laga og elles hjelpa til med sosialt og kulturelt arbeid både innan
distriktet og elles i landet. Mest kvar vinter har det vore halde 70-—BO
foredrag av framande talarar, som for det meste har vore I’ønte av samlags
kassa. Dette er omframt dei foredrag som lagsfolk og andre held. Jamtover
vert det soleis kvart år halde millom 100—200 foredrag. At dette må ha
sitt store kulturelle verd, segjer seg sjølv.
Råma for ungdomssamlaget sitt arbeid har vore romsleg. Dei fleste større
spursmål som har vore oppe i tida har meir eller mindre vore på program,
um ikkje anna so vorte dryft.
Det er å vona at ungdomssamskipnaden her i Romsdal framleis vil tri
vast og veksa seg større og sterkare. Me er endå eit mykje uferdigt folk,
og det er langt fram til at alt er som det burde vera, serleg når det gjeld
vårt nasjonale liv i bygd og by; difor er det å vona at kvart einskilt ung
domslag i samskipnaden gjer sitt og er og vert saltet kvar i si bygd.
N. ENGJA.
SUNNMØRE FRILYNDTE UNGDOMSSAMLAG.
I 80—90 åra var det same uro og gjæring i folkelivet på Sunnmøre
som mange andre stader i landet. Ymse slag vekkjingar gjekk som elingar
over bygdene og reiv folk med. Det var religiøse vekkjingar som sette
djupe merke etter seg. Men stundom tok rørsla ei rang leid, og tiå vart
merka ikkje alle stader gode. Mange stader seig folk ned i trongsyn og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0166.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free