Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
161
Johan Askeland vald. Fyrste året bar samlaget heile kostna- Ul. Ljosglimt"
den åleme. Seinare fekk skulen rikshjelp. I 1913 vart sku- Dryna (1896).
len overdregen til styraren. Men ved folkehøgskulen var
det lite jord. I 1916 vart difor skulen flytt til Eidså i
Syvden der det var ein høveleg jordveg til sals. Straks etter
vart både garden og skulen seld til jordbrukskand. Peter
Vik. Skulen er soleis privat no, men staten gjev tilskot
både til drifta og til stipend åt elevane.
Men ein dugande gardbrukar treng ei dugande husmor
um det skal verte godt stell og god framgang på garden.
Gjentene lyt og få høveleg upplæring. Samlaget ski
pa difor ein husmorskule ved Møre folkehøgskule i
Lærar Sivert Vestre,
som i 17 år har vore
form. i laget.
1910. Då jordbruksskulen vart flytt, fylgde husrnorskulen med, og skulen
vert no driven heilt for fylket si rekning. Søknaden til husmorskulen er
stor. Endå samlaget ikkje lenger eig desse skulane på Eidså, vert dei like
vel fylgde med gode ynske frå samlaget si side.
No hev ungdomssamlaget teke upp tanken um å skipe ein husmorskule
for Austre Sunnmøre og. Fylkestinget hev alt løyvt pengar til denne sku
len, og han kjem truleg i gang med det fyrste.
Elles hev samlaget synt godhug for bondeyrket på mange måtar. Det
hev løyvt pengar til hagebruk og høhsestell og sendt ut foredragshaldarar
som hev tala um jordbruk og jordspursmål. No yter samlaget årleg premiar
til bønder på Sunnmøre som hev gjort mykje til å ta upp nybrot. I 1918
gjorde samlaget, etter framlegg frå bladstyrar Klaus Sletten, upptaket til å
skipe Sunnmøre bureisingslag. Dette laget arbeider for åfå dyrke nye gardar
og grender på Sunnmøre.
Prost Saxegaard,
som skipa Stranda ul. i 1893
11 - Norigs Ungdomslag.
Fremste uppgåva for ungdomssamlaget hev
sjølvsagt vore arbeidet for det norske målet.
Det segjer seg sjølv at upplæringa hev vore på
norsk ved dei skulane samlaget hev skipa. Sunn
møre ungdomssamlag var det og som fyrst tok
upp tanken um heilnorske studentskular. Dette
gjorde mykje til at / Fr. Voss og Olav Riste
sette i gang den heilnorske studentskulen i Vol
da 1910. Samlaget hev og hjelpt denne sku
len, serleg med stipend til elevane. Og i 1918
vedtok årsmøtet å yte pengehjelp til evnerike
studentar frå Sunnmøre som studerar ved uni
versitetet og nyttar norsk mål.
Ungdomssamlaget hev gjort sers mykje for
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>