Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
162
Frå ungdomslaget Vårglytt, Stranda.
norske blad. Alt i 1895 vart dette arbeidet uppteke. Samlaget sette ikkje i
gang noko bladtiltak sjølv i den fyrste tida, men studde andre blad, soleis
«Ygdrasil», <Heimhug» og «Ervingen». Sidan 1914 hev samlaget saman
med «Møre høgskulelag» gjeve ut ungdomsbladet «Ljosheim» som kjem
ut i Ørsta.
Men mange sakna eit dagblad på norsk mål på Sunnmøre. So gjorde
samlaget upptaket til a få «Møre Tidend» i gang. Samlaget var største lott
eigaren i bladet, einskildlag og einskildmenn i samskipnaden hadde og ein
stor part av lottene, so det kan trygt segjast at det var ungdomslagsfolk som
tok tungetaket med bladet*).
Elles hev samlaget gjeve studnad til målarbeidet på andre måtar. I 1912
skipa det ein målmarknad i Ålesund saman med ul. «Ivar Åsen» og Sunn
møre mållag. Heile vinsten som var 6000 kr., gjekk til målarbeid. Samla
get hev og sendt ut talarar som hev halde upplysande foredrag um det
norske målet. Det hev spreidt norske bøker og skrifter, det hev ytt pengar
til «Det norske spellaget», og teke lotter i «Den 17de Mai» og «Det norske
teatret», det hev gjeve studnad til ymse målbøker, til bibelumsetjinga, til
norske lærarkurs, til Høverstads lærarhøgskule og til ymse anna.
Til hundradårsdagen åt Ivar Åsen i 1913 gav samlaget ut eit gildt
•) Dagbladet Møre Tidend" laut gå inn, men er sidan gått over på nye hender og kjem
no ut 3 gonger i vika med Jacob Skylstad til styrar.
& & Korrekturlesaren.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>