Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
191
meinte visst, at dei med same vende Gud ryggen, — dei vart fritenkjarar,
eller vart skulda for å vere det.
Noko før denne myrke tid er det nokre ljosberarar som bør nemnast:
Sogndal folkehøgskule, som Jakob Sverdrup og Storm (seinare styrar for
Mo jordbruksskule) tok til med. Serleg sidan H. M. Dahl kom til med meir
av Grundtvigs ånd og den «glade kristendom», kasta denne skulen ljos over
heile Sygna- og Firdafylket.
Litt seinare — 1868 tok Jens Rolfsen til med Holmedal folkehøgskule
i Dale. Der var elles ein ungdomsskule før, Nikka Vonen sin gjenteskule,
helst for døtter til by- eller embetsfolk. Nikka Vonen gav ut 2 forteljings
bøker på nynorsk ikr. 1860: «Borgny Bakke» og «Anna». Ho hjelpte og
Jens Rolfsen med pengar til hans skule. Ei
beinveges frukt av denne var det «Norskelaget»
som David Bakke — sidan stortingsmann, no
lensmann i Fjaler, fekk skipa i 1874.
Elles er det skyttarsaka Bakke arbeider mest
med lenge framover, og ho kan visst segjast å
ha rudt vegen for den frilyndte ungdomsrørsla.
Der var eit positivt mål, som ungdomen
gjerne må ha: Kjem fedrelandet i fare, og fleir
talet millom dei styrande svik, so skal hovdin
gane for mindretalet finne oss budde, når dei
reiser merket og sender herpil ut.
Amtsskulen skapte ikkje noko sers ungdoms
rørsle, før det tok til gå gitord av den farlege
Mens Litleré.
radikalaren, målstrevaren — ja «fritenkjaren» Elias Melvær. Endå skulen
då var i Nordfjord, drog mange frå Sunnfjord dit og kom att farleg
smitta av alt detta ravgalne Melvær var og ihuga skyttarlagsmann og
avhaldsmann. Mang ei morosam soge gjekk millom ungdomen, um korleis
han på store møte «slo» den og den presten ned, når dei håna hjartesakene
hans. Han vart skulda for å preike vinstrepolitikk på amtsskulen. Ja, han
fortalde soga sant, og av og til såg elevane hans ein glytt av det som vart
til røynd i 1905.
Ein ung sunnfjordgut — frå Naustdal, Mons Litleré, var besteven med
desse sistnemnde. Nasjonalt vekt var han hjå Dahl i Sogndal, men vart
endå meir uppglødd i samvær med Bakke og Melvær, helst på skyttarstemner
og politiske møte. Han samla ungdom i heimbygda og las or nynorske
bøker og blad — Janson, Krohn og «Fedraheimen» og «Nora». Han tok
til med ein liten bokhandel og for med bokskreppa til fleire bygder i Sunn
fjord. Dette vart sidan til den fyrste norskmåls-forlagsbokhandel i Norig —
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>