Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
192
i Bjørgvin. Takksame vener har reist ein stein på grava
hans; men ungdomen i Sunnfjord har endå att å reise bau
tastein på fødestaden.
Den mannen som reiste avhaldsmerket høgast i Sunn
fjord — og med det mykje god åndsrørsle — i 88 åra,
var lærar i Naustdal, sidan klokkar i Meldal, Josef Gritne
land. Han dreiv kveldskule, heldt samtalemøte, skreiv eit
Josef orimeiand. blad, som han endå teikna bilete i, og heldt foredrag, mest
um avhaldssaka.
Noko seinare (ikr. 1890) tok gardbrukar Daniel Ramstad til å fare ikring
heile fylket og endå vidare med sine glødande avhaldsforedrag. Ungdoms
rørsla hadde i honom ein trugen ven og traust talsmann.
Mange fleire skulde visst vore nemnde i denne innleidinga; men vonleg
kjem sume med under einskildlaga.
Når og kvar Sunnfjord ul. vart skipa, kan det vere to meiningar um
1898 eller 1904. %
y
Kristian Eimhjellen som vart lærar i Naustdal i 1895 slo lag med brørne
Per og Ola Svorstøl, Jakob Slettemark, Dan. Fimland, Anders Hamre (no
bladstyrar i «Den 17de Mai»), Elias Aamodt og Jakob Reiakvam. Det vart
blåse nytt liv i ungdomslaget «Framstig», ein kveldskule kom i gang og eit av
haldslag vart skipa. «Den 17de Mai »og «Unglyden» vart lesne, og der stod
melding um ungdomsrørsla i andre landsluter, um store stemner med fore
drag av landskjende menn, skodespel og festar.
Slik må vi få det til her i Sunnfjord med, tenkte dei. Eimhjellen skreiv
i «Søndfjords avis», at dei ungdomslag som var skipa eller vilde skipe seg
og vere med på ei ungdomsstemne, kunde melde frå. Det kom melding frå
12 lag. Våren 1898 møtte sendemenn 7—B av desse på damskipsbryggja
i Førde, då båten var seinka laut dei i «hurten
og sturten» velje 3 mann til å få stemna i
stand i Førde i juni.
Stemna kom i stand i juni 1898, ein mån-
dag og tysdag. Ein liten flokk frå «Framstig»
drog over fjellet sundag, fekk med nokre frå
Angedalens ul. og skulde stelle til stemneplass.
Nemndmennene gjekk frå den eine autoritet til
den andre og tigga um hus, dersom det skulde
bli regn; men det var berre nei å få, sidan det
var ei frilyndt stemne. O. M. Erdal, ordføra
ren i Førde, gav til slutt lov på hesteutstellings
og marknadsplassen. Der var ei tribune med Kristian Eimhjellen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>