- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
193

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

193
4
Bladstyrar
Anders Hamre,
Olai Frøyen. Sokneprest
Ludv. Solheim.
tak over. Vi fekk lov å hogge bjørkebusker og gjerde inne ein ring; det
vart som ein tingvoll i gamle dagar. Måndag kom med solglitter og fugle
song, og snart tok ungdomslaga til kome med sin song under trifarga flagg.
Dei talarane som «drog» mest til stemna var høgskulelærar Jens Kyale
og islendingen Olafr Felixson. Dan. Ramstad, Ferd Tranås, kunstmålaren,
og kyrkjesongar Olai Frøyen tala ogso. Og der var eit kvast ordskifte um
målsaka.
Andre stemna var i Holmedal i juni 1899, den tridje i Askevoll i
juni 1900.
Den frilyndte ungdomen kjende seg etter kvar stemne tryggare på at
saka var god, endå sume stempla dei som ukristelege. Presten Solheim er
ære verd for at han våga seg med i ungdomsrørsla og vigsla henne.
Fjerde stemna skulde vore i Naustdal 1901; men no var det kome i stand
samskiping av dei «kristelege» ungd.-foreninger både i Nord- og Sunnfjord,
og dei skulde ha si stemne i Førde på same tid. Eimhjellen (formannen i
stemnenemnda) tinga med formannen for dei «kristelege» — lærar Hjelle,
Nordfjordeid — og det kom i stand samarbeid. Båe fylkingane samlast i
Førde. Solheim preika i kyrkja, fyrste norskmålspreika der, og Elias Melvær
tala og i kyrkja. Eimhjellen fyreorda ordskifte um samarbeid og heil sam
skiping av frilyndte og kristelege ul. på den vis, at ein strauk sernamna og
kalla laga berre ungdomslag. Men det vekte berre harm millom dei kriste
lege. Denne hendinga er komen inn i bokheimen, med di Matias Orheim
har skildra henne med sterke fargar (slett ikkje sant) i boka «I livsens
lundar».
Femte stemna var i Naustdal i juni 1902. Presten Solheim preika på
norsk. Då det var ruskever laut dei halde til i det halvferdige herads- og
skulehuset. På sendemannsmøtet her var det gjort framlegg — av Martin
Birkeland og Idius Nybø — um at ul. i Sunnfjord skulde gå inn i Firda
ul. Men det vart nedrøysta; dei vilde skipe eit fylkeslag for Sunnfjord. Ei
nemnd vart vald til å laga lover. Med i nemnda var: Kr. Eimhjellen (form.)
Per Havikbotn og Lars Nordeide.
13 - Norigs Ungdomslag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0203.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free