Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
199
b) Ungdomen høyrer gjenom «Norsk ungdom» korleis dei driv det gildt
andre stader i landet; «soleis må vi gjere og,» tenkjer dei.
c) Stemnetalarane som landslaget har sendt har vore til stort gagn.
Få tak i ein ny Hans Nielsen Hauge, send honom kring land og
strand so han kan vekkje det «unge Norge».
Veit landsungdomslaget å finne på noko, so vi slapp undan det store
samanbrot, åndeleg og materielt, so var det visseleg den «viktugaste upp
sråva no frametter».
KRISTIAN EIMHJELLEN.
SOGNS UNGDOMSLAG.
I Sogn vart byrja med ungdomslag tidleg, alt i slutten av 1870 åri. Men
den lovbundne samskipnaden er heller ny, so ny at han enno ikkje hev
vunne veksa seg fast saman enno. Den gamle samskipnaden var vel laus,
men hev likevel gjort grepa arbeid, venteleg avdi det ikkje var lover og
påbod som batt saman, men einskildmanns dugleik og interesse for arbeidet.
Når Sogn vart eit av dei bygdelag som fyrst fekk gjenomført norsk mål i
skulen, so hadde vel det sin naturlege grunn i det gode sognemålet. Men
det hadde og sin grunn i ungdomsarbeidet med dei mange gilde menn og
kvende som laga ein fast arbeidsring i bygdene. Attum arbeidet stend so
folkehøgskulen i Sogndal, den eldste levande folkehøgskulen i landet, som
den kjelda som sende nytt friskt liv utyver bygdene. Styrarane der, Jakob
Sverdrup og H. M. Dahl, var med og la grunnen til det folkelege syn som
førde til nasjonal vekkjing i Sogn. Der hev vore ein fast samanheng mil
lom folkehøgskulen og ungdomsarbeidet alt frå fyrst av. Då Jakob Sverdrup
seinare kom til Leikanger som prest, fekk han skipa ungdomslag der i 1878.
Og det var på 25 årshøgtidi for folkehøgskulen 1896 den fyrste samskip
naden med årsstemnor og årsmøte kom i stand. Lærarane ved skulen hev
alltid stade fremst i ungdomsarbeidet, og det er høgskuleelevar som hev
skipa dei fleste av lagi i bygdene, anten straks dei kom frå høgskulen, eller
etter dei kom frå lærarskulen.
I møteboki åt stemnenemndi stend dette:
«Ungdomsstemnone for Sogn hev havt til fyremål å styrkja norsk syn,
norsk mål, norskdom på alle leider i bygdene våre, og helst millom ung
domen. Stemnone hev difor jamt vore rekna for den fyrste samskipnaden
millom dei frilyndte ungdomslagi og mållagi i Sogn. Dei fyrste frilyndte
ungdomslagi kom til utetter i 80-åri, fleire i 90-åri. Det hadde alt iBO åri
vore større samkomor um åndelege hugmål på Sogndal folkehøgskule. Med
ungdomslagi vakna smått um senn trongen etter eigne sjølvstyrde stemnor.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>