Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
200
g
m m
5|
Etter nokre småfreistnader til sammøte (millom
Balestrands, Leikangers og Sogndals ungdoms
lag i 90-åri) skipa me til det fyrste samarbeidet
for heile Sogn, då me under 25 årshøgtidi på
Helgheim nyårsbil 1896 fekk valt det fyrste
stemnestyret. Fyrste stemna kom då sumaren
etter i jonsokhelgi 1896. Styret vart: Gardbr.
Lasse Trædal, klokkar A. B. Vamråk, lærar Olav
Sande, lærar Jens Kvale, lærar Vilhelm Flugeim,
lærar Hermund Refsdal og frk. Mette Dahl.
I styret vart sidan Vilhelm Flugeim vald til
formann, og han fekk soleis mest å gjera med til
buingi. Fyrste stemna vart i Fjærland. Stemne-
Lasse Trædal.
lyden samlast jonsokaftan på Balestrand og gjorde «visitt» hjå kong Bele. Der
på Belehaugen fekk dei ein tale um trolli og jonsokbrisingar. Med eim
båt tok so stemnelyden innetter fjorden til Fjærland um kvelden, medan
vokeldane lyste upp kring haugane og nesi. Jonsokdagen møtte fjærlending
ane med 40 hestar og køyrde stemnefolk fram under Bøyumsbreden, og her
fekk dei ein kraftig tale um å reisa uppatt norsk mål.
Det viser seg at det var mest lærarar, som var med i fyrste styret, og
soleis hev det alltid vore. Det er då rimeleg at det serleg var norsk mål
bruk i skulen, saman med kravet um Blix-salmar i kyrkjone, som fyrst vart
teke upp til arbeidsprogram. Andre greiner av norsk målbruk kom ikkje
so sterkt fram i fyrstningi, men hev vorte dregne med litt etter kvart. På
stemnone vart valt arbeidsnemnd for kvart år. Av eit brev frå Vilhelm
Flugeim vil eg herma noko, som syner den sterke kraft dei la i arbeidet:
«Det var meiningi so, at me skulde styra målskuta dette året her i Sogn
På næste ungdomsmøte skal me gjera greide
for oss, syna [munaleg arbeid og framsteg, og
me måtte då stella oss so, at me ikkje vart tea
terfigurar, som skrøyvde oss upp med store ord,
stella oss so, at ikkje folk sa um oss, at me
sådde tjukt, men hausta tunt, at me siglde spru
tande bauten burt etter fjorden, men klara ikkje
forbi neset på atterlaupet, og laut enda med å
fira seglet på den gamle hamni. Me hev vore
med og reist kravi og late oss velja.
Men helst meiner eg at me ikkje skulde for
lyfta oss på altfor mykje, men taka støtt tak på
ein stad, der me trur me greider det. Det er Jakob Bøthun.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>