- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
215

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

215
i gang ein folkehøgskule av Nils Juel, Wollert Konow, seinare statsminister,
og Olav Lofthus. Tilstrøymingi til desse skulane var ikkje stor, men der
kom då nokre, so den fyrstnemnde skulen i minsto heldt livet uppe i mest
30 år. Sume ungdomar tok so langt i veg som til Vonheim og Sagatun.
Folkehøgskulane var lik brennglas som samla alle dei rørslor som her er
nemnde: bondereising, målreising, politisk frigjering, kristeleg forkynning
og sedeleg idealitet til eit brennande strålemot. Og dei ungdomar som ein
vinter eller tvo hadde vore inne i denne varmen, kom heimart som nye
menneske.
Det er nettupp kring slike uppglødde høgskule-ungdomar dei fyrste ung
domslag samla seg. Og den einskild-mann som hev havt mest å segja for
heile ungdomsrørsla i Hardanger, er folkehøgskulestyrar Johannes Helleland.
Han døydde 1913.
Etter alt ein karm sjå er Innstrandi ungdomslag i Strandebarm herad det
eldste i Hardanger. Det vart skipa millom jol og nyår 1872 på eit møte i
skulehuset på garden Kolltveit. Møtet var tillyst av lærar A. H. Bjerke, som
seinare i lang tid var kyrkjesongar i Strandebarm. Han vart og den fyrste
formannen i laget. Ifrå fyrst av vart laget kalla «Innstrandi lese- og samtale
lag». Ein av dei som var med og skipa laget var Bård Kolltveit, som sidan
hev vorte so vida kjend for avhaldsarbeidet sitt. Han fortel um laget:
«Det låg bonde-idyll og romantikk i lufti i dei dagar. Me song «Symra»
24 songar av Ivar Åsen, uppatt og uppatt. «Ferdamannen» gav songar og
lesnad av Vinje. «Svein Uræd» kom ender og gong med kveikjande inn
hald. Bjørnson sine- bondeforteljingar kom rullande, og bondepolitikk og
sjølvstendetrong ovra seg. Laget arbeidde fyrst mot drikking og fyll i lik
ferder, mot dei lange drikke- og betalingsbrudlaup, imot nattesjau og ville
danseleikar. Leid ut i 70-åri greip veto-striden, flagg-striden og røysteretts
striden både unge og gamle. Laget vart tynt av politikken og tok seg ein
svevn i 1883. Men han som stod som siste formann, T. T. Kolltveit, fekk
arbeidt eit reint norsk flagg, som han gav bror sin, Bård, til brudlaups
dagen hans. Det var det fyrste norske flagget som kom til bygdene her
ikring. Det vart heist på Ljones 13de juni 1883, og so nasjonal var åndi
vorti i krinsen at ingen arga seg, dei gledde seg heller i det reine sjølv
stendemerket. Det var farleg nok å syna reint flagg i dei dagar, og eigaren
gøymer det som ein heilagdom».
Laget vart uppatt-teke året etter og hev med ein liten stans i 90-åri
vore i arbeid sidan.
Ei übroti soge like frå 1873 hev Steinsdalen ungdomslag i Kvam herad.
Soga er fortald av lærar Olav Lid i «Norsk Ungdom» nr. 15 for 1917.
I 1873 vart ogso Hauso ungdomslag i Kinsarvik herad, eller «Hauso lese-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0225.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free