- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
339

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

339
og sidan har han jamt stått i. Frå 1906 til i
dag har han vore «Vardens» ulønte kassestyrar
og fast skipar av kvar årsstemne.
Av andre som var med i styret i denne ti
da kan nemnast: Lærar Billehaug og frk.
Anna Åsnes.
Årsstemna- i 1907 var på Kongsvinger, i
1908 på Galterud, i 1909 på Kongsvinger att
og i 1910 på Kjellmyra, Åsnes. Det er ser
leg stemnone som sette merke etter seg: Wer
gelandsfesten 1908 på Kongsvinger og Åsnes
stemna i Åsnes i 1910. På årsstemna var det
2—3000 menneske, og alle dei som var til sta
des på den har hugsa ho sidan.
Folkehøgskulestyrar
Nils Sivertsen.
Striden heldt seg enno nokre år. Sivertsen m. fl. styresmenner var mål
folk og dulde ikkje for at målet med deira ungdomsarbeid var ei nasjonal
reising.
I 1911 kom det framlegg um å stengja landsmål ute frå stemnone. Men
2(V6— 14 vart det med 14 mot 13 røyster vedteke å melda «Varden» inn i
Norigs ungdomslag. Fylgja vart at 3 lag melde seg ut; men det nasjonale
synet var for godt innarbeidt i fylket. Det er Sivertsen, Næss og fru Ruud
Hellesnes å takka at endelykta vart soleis.
Nils Sivertsen er trøndar, uppvaksen på Helgeland. Dreiv gardsarbeid
og fiska til han var 20 år. Var høgskulelærar ved Torshus i 2 år, ved
fylkesskulen i Åsnes i 8 og styrar for fylkesskulen i Sør-Odal i 6 år. No
er han styrar for Marnar folkehøgskule. Han er ein stillfarande og noko
bljug arbeidsmann. Slæst berre når han ser seg nøydd til. Ihuga arbeidar
for mål- og fråhaldssak. Var med i styret frå
1909— 19, i 9 år formann.
Arne Næss er solung; gardbrukar og skog
eigar. Han har fleire år vore ordførar i Brand
val, tingmannsemne m. m. Med i fylkeslagssty
ret 1913—14, 1915—16, 1918—19; formann
i kaffistovestyret alle åra.
Fru Ruud Hellesnes er frå Eidskogen. Elev
frå Askov høgskule. Gift med redaktør L. Hel
lesnes, og er no flytt til Fredriksstad. Både
som lærar og ungdomsleidar ei uvanleg evnerik
kvinne, som gjorde upptaket til mykje. I styret
frå 1910—13, 1914—15 og 1918—20.
Arne Næss.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0349.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free