Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
340
J. A. Renolen, som er trøndar, har styrt
fylkesskulen i Åsnes sidan han vart sett i gang.
Har havt stor innverknad på ungdomen i So
lørbygdene. I yngre alder var han med i skyt
tarsamlagsstyret, var formann i fylkeslaget «Brei
dablik» og i «Varden». I «Varden»s styre frå
1911 — 14.
Frå 1910 og utover i fleire år arbeidde sty
ret med å få skipa foredragslag. Det fekk folk
til å reisa rundt av berre godhug for saka, utan
betaling. Kring 30 melde seg. Turar til flest
alle laga gjorde høgskulelærar Erling Grønland,
prestane Ivar Mortensson og Haugsøen, islen-
Fylkesskulestyrar J. A Renolen.
dingen Karl Sigvaldson, dr. Birger Øverland, Torstein Høverstad, Nils Sivert
sen og Gunnar Mandt. I 1915 fekk endeleg fylket statsstudnad til eit fol
keakademi ; studnaden har auka årleg og hjelpt til at det har vorte meir plan
i arbeidet. Hjelp til foredragsarbeidet har vi ogso fått både frå Norigs mål
lag og Norigs ungdomslag.
I 1910 ytte Austmannalaget pengehjelp til ungdomslag som vilde skipa
boksamlingar. Fleire lag i «Varden» nytta tilbodet. Nokre lag fekk i IQII
bokkassor frå Deichmanske bibliotek, medan einskilde lag nokre år seinare
nytta seg av statens vandreboksamlingar. I 1919 vart nedsett ei nemnd til
planleggjing av arbeidet. I 1920 løyvde fylket kr. 500 til å setja fart i leselaga.
På årsmøtet 7. juli 1916 heldt presten Berggrav foredrag um «Østlandsk
reisning». Mot 2 røyster vart det vedteke at «Varden» skulde gå med, og
N. Sivertsen og Arne Næss vart innvalde i arbeidsnemnda. Då Sivertsen
flytte frå, kom Ivar Nesse inn i hans stad. «Varden» har ytt pengar til
arbeidet.
Den 25. oktbr. 1913 sette styret ei nemnd til å fyrebu spursmålet um
kaffistove på Kongsvinger. Med i nemnda var Elisa Auseth, kaptein Erd
mann og Nils Sivertsen. På årsmøtet i Vestmarka 1914 vart det vedteke
Fru Berntine
Ruud Hellesnes.
å få stova i gang, og på styremøtet 30.
desember same året vart planen godkjend,
og dei gjekk til å teikna luter. 14. mai
1915 vart stova opna i bladeigar Enge
bretsens gard med frk. Ragnhild Krogs
rud til husmor. 11. mai 1918 gjekk
«Varden» med på kjøp av Glomgt. 27 for
100000 kr. Dit inn er stova flytt no. Arne
Næss kaverte for summen, og pengane lånte
i r*
Ragnhild Krogsrud.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>