- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
414

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

414
domslag. Det kom inn ei mengd stykke.
Ikkje noko fekk premi. Men det kom
både då og sidan nokre skodespel som >49>m>*%
etter ymis flikking og retting vart betre enn jé
vanlege spelstykke som ungdomslaga får å
velja millom. Laget har teke til å gje ut
ei roke med slike skodespel. I alt er det ÆmmÆL
kome 7 stykke: «Bruraleiken», «På rette g|
hylla», «Tatergjenta», «Soldatæra», «Mor-
Alb. Johansen, mnnarpn» «Firp nm hnAM» ner «Ivncr Einar Breidsvoll,
innehavar av firmaet monaren», «Tire lim DOdet» Og «Lyng- korrekturlesar på fest-
Johansen & Nielsen dusken». «På rette hylla» Og «Tatergjenta» skriftet, det største
som har prenta dei . 11-1,11 bokverket som N. Ul.
fleste bøkene N. Ul. er komne 1 2 Upplag. For Spelstykke SOm har gjeve ut.
har gjeve ut. R jj, g].£v ut er det f()r_
fattar-honorar for kvar uppføring. Skrivarstova krev honoraret inn og sender
det samla for kvart år til forfattaren. So lenge Norsk Målkontor i Oslo var til,
stod det for umsetnaden av alle dei bøker og skrifter som N. Ul. gav ut.
Sidan 1915 vert folkeskriftene selde i kommisjon hjå Norli. Dei andre
vert selde av Skrivarstova. Umsetnaden på Skr.st. 1915—21 er um lag
kr. 20 000.
Til utviding av denne forlagsverksemda baud N. Ul. og N. Ml. hausten
1920 laga inn til lutteikning på å skipa eit større samyrketiltak. Dette har
fyrebils ikkje ført til noka nemnande utviding. Men saka er ikkje nedlagd.
Avlidne som Norigs Ungdomslag har heidra.
Norigs ungdomslag har reist minnesteinar over grava til Elias Blix og
Johan Sverdrup og kosta jordeferda til Georg Stang og Rasmus Steinsvik.
Laget har dessutan late seg representera ved gravferda til ymse fortente
menner, soleis til Rasmus Løland, statsminister Steen, Peder Utheim, oberst
løytnant Christensen, Håkon Åsvejen, Steinar Schjøtt, H. E. Berner, Chr. Bruun.
Heiderslagsmenner.
Desse er valde til heiderslagsmenner i N. Ul.:
Peter Slotsvik (frå 1918), fyrste formannen.
N. Gjelsvik (frå 1921), som gjorde det grunnleggjande arbeidet til å
sveisa ungdomslaga i hop til ein fast samskipnad med å gjeva lag og lags
folk visse positive samfundsuppgåvor å løysa.
Anders Hovden (frå 1921), ungdomsskald og ungdomsprest utan konge
leg utnemning.
Hulda Garborg (frå 1921), som har gjeve oss songdansen og gått i
brodden for arbeidet med å ta uppatt norsk klædebunad.
Elias Melvær (frå 1921), den utrøyttelege ferdatalaren vår.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0424.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free