- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
415

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

415
DEI FRILYNDTE UNGDOMSBLADI
AV STIPENDIAT ANTON AURE.
Dei norske ungdomsbladi og den frilyndte ungdomsrørsla er so nøgje
knytte til kvarandre at desse bladi lyt hava sitt rom i soga åt Norigs
ungdomslag. Men her vert ikkje rom til meir enn ei svært stutt
yversyn.
Det fyrste frilyndte ungdomsbladet i Norig karm me segja var det
vesle tidsskriftet «Nora», som kom ut med fyrste heftet trast fyre jol 1884.
Heftet vart elles rekna med til årgangen 1885, og sidan kom det eit
hefte kvar månad i dei næste seks åri. Det stend ingen stad på bladet
kven som styrde det eller sende det ut. Skreiv styraren noko sjølv, kalla
han seg berre Eg—o. Merkeleg nok var det nokre bygutar som streva
med dette fyrste heilnorske ungdomsbladet. , Styraren var ein ung eld-
Anton Aure. huga Oslogut, postmannen Olav Schartutn, og dei tri beste hjelpes
mennene dei fyrste åri var Ingjald Reichborn Kjennerud (no sanitets
major), Jonas Nannestad (sidan lækjar i Amerika) og Vilhelm Haffner (no stortingsarkivar).
Nora" var nok helst eit lite armodsleg blad vilde folk segja no då dei ser mest berre
på papirmengdi. Det var eit hefte på 16 ørsmå sidor um månaden. Men det var so ung
domsfriskt og so småkoseleg at det vann ungdomshjarto kvar det kom, og so var det so norsk
alt igjenom. Eg hev tala med folk heime i Romsdalen som var med i dei fyrste ungdoms
lagi der i desse åri: «Me var so glad i «Nora» og pla jamt lesa upp i ungdomslaget dei
vakre småforteljingane me fann der,» fortalde ein. Etter kvart samla «Nora» kring seg
mykje skrivande ungdom, og mange av deim som skreiv sine fyrste smådikt eller stubbar der,
hev sidan vorte landskjende menner og av dei fremste i ungdomsarbeidet ; karm berre nemna
Hans Seland, Lars Eskeland, Anders Vassbotn, Olav Sande o. fl Og so ikkje å gløyma Nils
Kjær, som då var målmann og skreiv dikt på norsk!
Umlag samstundes som «Nora» tok til å koma i Oslo, kom det eit heilnorsk ungdoms
blad på Namsos. Det heitte «Dag» og det var Marius Hægstad (professoren no) som gav
det ut og styrde det. Fyrste numret kom 15. jan 1885, og her legg han fram programmet
sitt. «Dag» sigler under reint flagd, og han vil spreida ut folkeleg upplysning millom ung
domen i frilyndt ånd og på «norsk mål,» heiter det. Som ein ser er dette nett det program
met dei frilyndte ungdomslagi hev samla seg um. Og — «Dag» vil arbeida fyre å vekkja
og styrkja fcdralandselsken og fyre framgang i alt norsk arbeid, anten det er gjort med ånd
eller hand. Og sjølvsagt er det at «Dag» vil vera med i det store arbeid å freista på å
reisa uppatter eit reint norsk bokmål i vårt land. Den norske ungdom må gjera dette.» —
Under den fana veit me at den frilyndte ungdomsrørsla heile tidi hev fylka seg.
Fyrste stykket i fyrste nr. av «Dag» var eit typisk ungdomsbladsdikt av bladstyraren
Det lydde so :
Vårt fedraland.
Du hava skal det fyrste kvad,
vårt eiget fedraland !
Eingong du stod i fager flor
som blomen din um vår
Blandt fjellom dine ligg vår fødestad ;
du eiger alt som gjerer hjartat glad.
Frå høgste fjell til ytste strand
Då fylgde lukka folk i dal og fjord
då lyste Norigsnamnet høgt i nord,
so minni til den glansen når
Gud signe dette land. til våre eigne år.
Vårt fedraland ! Giv du må stå
eingong på nytt lag slik:
so fri som tinden mot din himmel blå,
so norsk som alle fjordar vesterpå,
so lukkeleg, so glad og rik
som aldri kongerik.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0425.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free