- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
418

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

418
nåden. På årsmøtet i 1918 vart det so vedtake å gjera «N. U.» til vikeblad frå nyår 1919.
Henr. Rytter vart då bladstyrar; men han gjekk frå fyrr året var ute, og kaptein Os tok atter
bladstyringi. Frå nyår 1921 skal det atter vera meldingsblad og kjem ein gong i månaden
eller so
Til dei frilyndte ungdomsbladi fær ein kanskje ogso rekna «Ung-Norig» som er eit
litterært tidsskrift åt ungdomen. Det kjem ut i Risør med eit hefte på 24 sidor kvar månad
og hev mest stykke um og av nynorske bokmenner. Erik Qunleikson gjev det ut og under
skrivne er styrar. Det tok til i 1918.
Dette var ei stutt yversyn yver soga åt dei frilyndte ungdomsbladi, og ho gjev ikkje
nokor rett meining um det store og verdfulle arbeid som hev vorte nedlagt i alle desse bladi.
Dei aller fleste — um ein ikkje skal segja alle — hev vorte borne uppe av truge strev og
stor offervilje. Arbeidet hev oftast vore lønlaust og gjerne takklaust med. Og mange var
det som laut gjeva upp i vonløysa. Men alltid stod det nye folk ferduge til å taka på att
og gjera nye offer. Det er vel ikkje lett å rekna ut kor stor lut ungdomsbladi hev i ung
domsarbeidet her i Norig; men eg trur det er meir enn nokon kjem i hug. Og at det hev
grott og vil gro godt etter all den eldhug og offervilje som hev ovra seg gjenom dei norske
ungdomsbladi det torer me vel trygt segja.
ANTON AURE.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0428.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free