- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
417

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

417
Han var ein av dei fremste i ungdomsfylkingi der, og bladet vart no
liksom beinveges organ for ungdomslagi. Men året etter vart Vassbotn
sjuk og um hausten (1901) slutta det mest, av di ingen kunde stella
med det — og av di tingarane ikkje betala, sjølvsagt.
I Trøndelag gjorde dei eit vedtak på ungdomsstemna i 1899 at
dei skulde freista få i gang eit ungdomsblad for trøndelagsbygdene.
Læraren og bokprentaren K. M. Elden på Svorkmo tok på seg å gjeva
det ut og O. T. Hongslo i Orkedalen vart bladstyrar. Bladet fekk namnet
«Trønderungdomen» og tok til å koma same hausten Bladstyraren skreiv
dansk; men det aller meste av innhaldet elles var på norsk Året etter
fann Elden på noko rart. Det skulde vera «massebladstyre», d. v. s.
det skulde vera ein ny bladstyrar for kvart nummer ! Mange av dei mest Lorentz Nybø.
skriveføre menn i Trøndelag var med på dette og det gjekk ei stund
frametter Men det vart vel noko tungvint i lengdi. I 1902 vart lærar Engel Mesloe
styrar; men det gjekk ikkje betre med dette enn med dei andre ungdomsbladi, til jol 1903
sovna det for godt.
Det hadde vore mykje skriving i desse bladi um at ein burde få eit ungdomsblad for
heile landet. Klaus Sletten som i 1901 hadde vorte formann i Norigs ungdomslag vilde då
gjera ein freistnad. Framimot jol det året sende han ut eit prøvenr. av «Symra», og frå
nyår 1902 kom det kvar vike. Det var heilnorsk og hadde mykje framifrå innhald. Karm
lienda ein stor part av innhaldet låg for høgt for den ungdomen som lite hadde lese og
fylgt med. Bladet vart ikkje beintfram teke til organ for Norigs ungdomslag; men det vart
sendt til einskildlagi og det hadde meir meldingar um ungdoms- og målarbeid enn noko
anna blad då. Men samskipnaden var enno laus og samhaldet lite. Det heiter ein stad at
«ungdomslagi tykte nok det var ein stor nåde når dei tok imot bladet fritt.» Elles var det
verkeleg sume ungdomslag som betala bladet au. Men det vilde ikkje ganga. Då året 1 903
var ute stogga det, og dei tingarane som vilde fekk i staden «Høgskulebladet» som tok til
frå nyår 1904.
Nord-Norig fekk sitt fyrste ungdoms- og målblad i 1907, då mållaget på Trums lærar
skule tok til å senda ut «Lauvsprett». Halfdan Asphaug var styrar so lenge han gjekk på
lærarskulen, sidan var det mange. Bladet gjekk til 1914, då det gjekk i hop med «Ung
domsbladet», som ei stund fyreåt hadde teke til å koma i Kabelvåg. Frå nyår 1916 gjekk
båe desse bladi upp i eit nytt som heitte «.Midnattssol» og tok til å koma ut på Harstad.
Dette bladet ruslar då enno, og det er høgskulestyrar Hans Eidnes som no styrer det.
Året etter at Lauvsprett" hadde teke til på Trums kom det eit lite ungdoms- og mål
blad i Mosjøen Det heitte Mdløygen" og det var høgskulelærar Peter Benum som gav
det ut og styrde det, men det kom berre nokre fåe år.
Elles hev det vore gjort mange freistnader med frilyndte ungdomsblad både her og der i
iandet. Eg fær berre nemna nokre: «Romsdølen» på Molde i 1907. Fylkesskulestyrar Sand
som ogso var formann i Romsdals ungdomssamlag styrde bladet. I 1909 — 10 kom Ervingen"
i Ålesund (og Ørsta), styrar Einar Moene. I åri 1913 —16 gav Erik Gunleikson i Risør ut
«Dølen» som Kristen Løland styrde. «Solsprett» tok til å koma på Vangsnes i Sogn i 1914.
Hans H. Vangsnes er utgjevar og styrar Student Hjalmar Myhre gav ut «.Havgula» på
Follerøy i Sunnhordland i 1915. «Solsprett» gjeng på ei vis enno, men det kjem berre
tiokre fåe nr. um året. Dei andre fekk ein heller stutt levedag. «.Frilyndt ungdom» heitte
eit avhalds-ungdomsblad som hev kome ut på Namsos i åri 1917-20. Knut K. Kvåle er
styrar og utgjevar.
Sunnmøre fril. ungdomssamlag hev sitt eige organ som heiter «LJosheim» og kjem ut i
Ørsta. Det var høgskulelaget på Møre folkehøgskule som tok til med bladet i 1915, men
alt um hausten same året gjekk ungdomssamlaget med og sidan hev dei tvo lagi gjeve det
ut i lag. Høgskulestyrar Hamar styrde det alt til nyår 1920; no er Rikard Tafjord styrar.
På Buskeruds folkehøgskule gjev dei ut eit månadsblad «Heimtun» og på Sunnhordlands
folkeh.sk sameleis «Halsnøy kloster». Desse fær ein vel og rekna med.
So hev eg att å nemna dei tvo bladi som beintfram hev vore utgjevne av Norigs ung
domslag (og Norigs mållag). «Bodstikka» tok til hausten 1913 og gjekk ut året 1915. Det
var styrt heilt ut som meldingsblad og organ for dei tvo samskipnadene som gav det ut, og
skrivaren kaptein Os var styrar. Men på eit styremøte hausten 1915 vart det vedteke at det
frå nyåret skulde utvidast og styrast som ungdomsblad og attåt vera organ for ungdoms- og
mållagi. Bladet vart då flutt til Voss og fekk namnet «Norsk ungdom». Bernhard Sud
mann vart bladstyrar. Det kom då med eit hefte på 16 store oktavsidor tvo gonger i må-
27 — Norigs Ungdomslag.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0427.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free