Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - II. Amtsskulen - Innleiding
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
II.
Amtsskulen.
Den striden som var reist motdei
grundtvigske folkehøgskulane kunde i lengdi
ikkje verta berre negativ. At det var
trong millom ungdomen utover landet
til aa faa ein skulegang som førde vidare enn den
tids»almueskole» kunde gjera, let seg ikkje negta.
Vilde ein daa ikkje ha den skulegang og
aandelege paaverknad som folkehøgskulane gav, laut
ein finna andre maatar aa møta ungdomen sin
kunnskapstrong paa. Jakob Sverdrup hadde
peika paa ein serskikl «norsk-luthersk*
folke-høgskule som motstykke til dei
«dansk-grundt-vigske» høgskular. Og baade han og fleire
andre unge theologar hadde som fyrr nemnt
teke upp det praktiske arbeid for ein slik skule
paa fleire stader utover landet. Ofte fekk dei
hjelp og tilskot av den nemndi som med Peter
Ludv. Hære/n som den drivande kraft var
ned-sett i Kristiania. Men ogso desse skulane
var private skular, og gav etter mange og helst
dei styrande si meining altfor fritt spelerom
for den einskilde styrar eller lærar og hans
politiske og kyrkjelege syn. Soleis som dei
styrande den gongen saag paa baade riksliv
og kyrkje- og skulestell, maatte det verta ei
uppgaave aa faa all den frie
ungdomsskule-rørsla som var teki til, inn under statskontroll
og statstilsytiy anten ho no var grundtvigsk
eller «norsk-luthersk». Ungdomsskulen maatte
m. a. o. verta ein statsskule, med lærarar som
var innsette av det offentlege, med plan som
var Iaga eller godkjent av staten, og med
statens tilsyn over seg. Soleis kom tanken
um amtsskulen upp.
I 1874 kalla kyrkjedepartementet (chef
C. P. Essendrop, ekspeditionschef N. Hertzberg)
skuledirektorane saman til eit møte i Kristiania
den 19de august. Dei skulde m. a. ogso
«afgive betænkning angaaende de
foranstaltninger som antages at burde træffes for at
meddele den konfirmerede ungdom en
videre-gaaende undervisning.*
Skuledirektormotet raadde til aa setja igang
kvcldsskular («aftenskoler»), som skulde verta
haldne av lærarane kringum i bygdene «for
dem der uden at kunne opofre synderlig
derpaa, dog attraa en større uddannelse end den,
de have medbragt fra kredsskolen» — og
dertil «en høiere anlagt og bedre udstyret skole
for de unge mennesker inden et større distrikt,
der have evne og vilje til at paatage sig større
ofre for at erhverve sig kundskaber og
aandsudvikling*.
Desse skulane tenkte motet seg berre ein
av i kvart amt for det fyrste, og difor var det
mest høvelegt aa kalla dei amtsskular.
Direktørmøtet dreg i sin «Betænkning»
upp i store linor korleis det har tenkt seg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>