Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - No. 2. Lørdag 14. Januar 1899 - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
URD
17
Tuo.
Af Marit Greve.
Snøen fall jamt
og stilt. Eistor
Kraaka kom
fju-kande, sette seg
paa Møne, og
baska med
Vengjerne, so ei heil liti
Skreda av Snø
gleidnedavTake.
„For eit Jolavér!
Ikkjeein Beta aa
linna nokon
Staden". Hosaagseg
ikring. „Kra!"
sa ho, og strauk
burtyver til
Skogen. Men Skogen
stod høg og aal-
varsam, med
Gr einerne bøigde
i Jordi og lengta
etter Vinden.
„Berre eit einaste
lite Vindkast", sa [-han.„DenneSnø-en-]
{+han.„DenneSnø-
en+} tyngjer meg
so".
Men Snøen lika
seg. Mjuk og kvit la han seg utyver Mark og Tre,
Knausar og bratte Berg, der han aldri fek vera, naar
Vinden var heima.
Det rikta i Stovedøri. Ein Kar kom ut paa
Dørhella, høg og herdabrei var han. „Randi,
Randi!" Han leite rundt heile Garden. „Tag
Skierne paa deg og ver med". „Aa, eg veit ikkje
um eg hev Tid". „Idag er det Helg, skunda deg
berre og kom". Ho venta eit Bil, tok so Skierne
og kom ut, men saag ikkje burt paa han. — Dei
gleid ned etter dei fine Bakkorne, yver den mjuke,
kvite Snøen, der ingi Folk fyr hadde ferdast. „Er
det ikkje Moro, tykkjer du Randi?" „Eg veit ikkje".
„Randi?" „Ja". „Der var noko eg vilde spyrja deg
um". Ho vende Hovudet til den andre Kanten.
„Kvafor er du so stuss mot meg Randi?" „Trur du,
der er Is paa Heimstevatne no, Svein?" „Hev eg
gjort deg noko ilt Randi?" „Skal me ikkje snøgt
heim att?" „Nei, no skal me ikkje heim". „Kor
skal me av daa?" „Til Soria Moria Slott". „Soria
Moria Slott. Korer det henne?" „Det er austanfor
Sol og vestanfor Maane". „Nei i aal vor Snakk Svein".
„Ja i aalvor Snakk, Randi, so er det alle Staden,
der der er ei ven Gjenta, med Augo so klaare som
Dagen". Ho saag forviten upp paa lian. „Men i
det Slott er der alltid eit Troll, og so kjem der
alltid ein Prins". „Ein Prins! Ein verkelig Prins
med gylte Kjedor um Halsen?" „Ja ein skikkeleg
Prins med gyldte Kjedor". Han saag ned, vart raud,
og sa so laagt. „Aa nei, ikkje alltid med gyldte
Kjedor, stundo hev han berre ein graa Halsklut.
Og daa ser Prinsessa ofte ikkje, at dei glimande
Kjedorna ligg gjøymde inst inne, og so seier ho:
„Du er ikkje den rette," seier ho, og Prinsen han
gjeng sorgfull burt". »Du Svein?" „Ja". „Men
naar Gjen — nei Prinsessa ikkje seier han skal gaa?"
„Daa vert Guten glad, og alle dei gylte Spiri paa
Soria Moria Slott glimar i Soli, og det høgste
strek-kjer seg og strekkjer seg og veks ofte lika upp til
Stjernorne". Ho saag utyver. „Du Svein!" „Ja."
„Men dei Prinsarne, du, dei kjem vel ikkje til
Gjenl-ungar dei; det er vel berre til store, vaksne Gjentor,
som er so gamle som yver tjuge Aar?" Han saag,
ho hadde Taaror i Augo. „Men Randi!" Ho skunda
seg utfor ein bratt Bakke. Det gjek som ein Vind.
Uppyver og nedetter bar det, langt burt gjennem
Skogen. Endelig stogga ho trøyt og heit, tog
Vot-torne av og ståk det i Belte. Han gleid Skierne sine
tett upp aat hennar. Ho lest ikkje vare ved han, lyfte
ikkje Augo fraa ein liten Stubbe, som stakk upp av
Snøen. „Randi!" „Ja". „Kvafor vil du ikkje sjaa
paa meg?" Han tok ho i Veslefingen og svinga
Handi hennar att og fram. „Vil du aldri meir sjaa
paa meg, Randi?" Ho saag upp. Hånlo. „Jadet
tenkte eg nok, Svein. Du berre lær af meg". „Eg
lær ikkje af deg, Randi". „Kva lo du av daa?".
„Du er so lik Syster mi, Randi". „Kva for ei, den
vesle elder den voksne?" „Nei ho den vesle. Ho
som anten græt elder lær og er so mjuk i Henderne".
„Eg kunde tenkja, det var henne ja, ho som berre
er ein liten Gjentunge og ikkje den voksne. Men
eg skal seia deg noko, eg, Svein. Eg er slett ikkje
nokon Gjentunge lenger, som du trur. Jou, du meinar
det rett. Du treng ikkje til nekta det. Eg høyrde
sjølv, du sa det. Eg var endaa inne i det vesle
Kammerse att med Stova, og ho Mor murra yver
noko eg ikkje hadde gjort tilgagns. So sa du: „De
fær ikkje vera for strid med ho", sa du. „Fyr ho
Randi er no berre ein Gjentunge endaa", sa du. Og
no Sundagskvelden nede hjaa han Trond i Bakken,
sa du" — „Han rike Trond og Sonen hans —" Svein
tok hart um Skistaven sin. „Eg kan ikkje fordra
Gjentungar, dei er altid der, dei ikkje skal vera",
sa du. Men eg er ikkje nokon Gjentunge lenger".
Ho vart so raud og skol v i Maale. „Der er berre
tri Vekor og fem Dagar igjen, so er eg sekstan Aar.
Og ho Ragnhild, ho er mykje yngre en eg, og um
ho hev du aldri sagt, at ho var ein Gjentunge. For
meg er det det same, Svein. Eg er like glad". Ho
hikste etter Graaten. „Du kan gjerne tru, eg er ein
Gjentunge elder eit Lindabarn elder ein Stein elder
kva du vil. Det gjerer ikke meg noko. Det er plent
det same, kva du trur. — Og so danste du seks lange
Dansar med ho Ragnhild og berre ein liten med meg.
Eg stilte meg heim aaleine. Det var so myrkt
— og eg var so rædd — og so var han Far sint".
Ho gret so saart og turka Taarorne med den eine
Votten sin. „Aa, Svein, altid er du so rang imot
meg".
Ho saag ikkje upp, berre hikste og gret; tok
so nokre Steg og vilde av.
Der laag ein liten Vott att paa Snøen. Svein
steig af Skierne, to han upp, riste Snøen av han,
vart so staaende og strauk med eine Handi si
varsamt yver den vesle, graa Votten. „Eg vilde ikkje
gjera deg noko illt", sa han. — Ho stogga og saag
skræmd burt paa han ; ho tykte lian var so glad i
Maale. „Du meiner vel ikkje — du trur vel ikkje,
Svein, at eg — at eg -—". Han gjek burt til ho.
„Du trur vel aldri at eg — at eg —". Ho var so
rædd, visste mest ikkje kva ho sa. „Jou, Randi, eg
trur, at du er den venaste, vaksne Gjenta, eg veit". Han
la Armen kring Midja hennar. „Nei tykkjer du det?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>