- Project Runeberg -  Forteljingar /
10

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10 VETLE VISLIE

snart verta deildegang av. Han fekk gjera det paa
ein annan maate. Seint ein kveld strauk han upp
i Juvlands-skogen og flutte ei deild til, — den som
stod uppaa nuten.

Det var den kvelden han hadde fenge støkken i
seg. Plent med det same han hadde flutt deildi og
skulde heim att gjenom skogen, kjende han noko
som strauk seg liksom like framum honom. Han
saag ingen ting, høyrde ingen ting helder ... det
var so reint forunderlegt. Det var der, og det var
der ikkje . . mest som ein skugge, som alltid stod
bak honom, og han fekk slik ein fælske, at han skalv
i knéi og vart mest som naamen 1 heile kroppen.
Han tenkte um det kunde vera skrymt; men daa
maatte det vera annarleis en i gamle dagar. For
dette var likso mykje ønnvendes, so vidt han kunde
forstaa det.

Og denne fælsken var sidan titt komen yver
honom .. . ute i skogen, naar han var der og hogg
ved ... um næterne, naar han laag og ikkje fekk
sova; daa totte han stundom der sat einkvar ved
sengi . .. Det gjorde honom ingen ting, — berre
fylgde honom elder sat ved sida og liksom venta paa
honom. Han saag det ikkje, høyrde det ikkje helder;
men det var der ...

— Aa ja, ja, san!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free