- Project Runeberg -  Forteljingar /
11

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

å kue

+

nn nil

GASTEN 11

— Er det noko du vil, Hermod?

— Nei, ingen ting. Jau kanskje du kan gjera
paa varmen, her er so myrkt . . . Ljose brenn ned.
— Ho Aasne gjekk ut i kammerse etter eit nytt
ljos, kveikte det og sette det i staken. Han vende
seg paa ryggen og stirde upp i take, og tenkte um
att det same og det same . ... kva i all .verdi skulde
han gjera? Skulde han staa det til for Aasne? —
Det hasta vel ikkje. Han kunde nok staa det yver,
hadde doktaren sagt.

Elles var no straffedomen alt komen. For nokre
dagar sidan hadde han rott yver til landhandlaren
so frisk som dertil. Det var noko myrkt, fyrr han
kom seg paa heimvegen. Den haustskoddi var jamt
so tjukk, at det var mest uraad aa sjaa landelægje

++ Og daa han var komen inn mot land, tyktest
han der stod ein fæl mann utmed elve-osen og huja
vederskræmeleg stygt imot honom. So rodde han
lenger til vinstre en han var vand til, og i myrkre
kunde han ikkje so plent raama det, og so sette han
midt paa det faarlege skjere utmed strandi. Det
bora seg inn i botnen paa praamen, so han vart
standande der i fleire timar. Ikkje vilde han skrika
etter folk helder, for det saag so rart ut, at han sette
seg fast der, so vel kjend som han var. So freista
han paa alle vis aa koma av; men faafengt var det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free