- Project Runeberg -  Forteljingar /
14

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

14 VETLE VISLIE

Ho var so glad at ho gret, daa han kom; men
sidan vart ho like ottefull. Ho kunde liggja lange
stunder og stira saart framfyre seg. Sidan Hermod
hadde fare fraa henne, hadde ho havt berre ein
einaste tanke, at han hadde gjort noko vondt, og
derfor ikkje hadde fred der han laag . . . Ho tyktest
no vita kva det var og ...

— Aa ja, ja, san! Gud unna os alle fred!

— Er det noko du vil, mor? — han reis upp og
gjekk burtimot sengi, der ho laag med det visne
skrukkute andlite og dei forvilla augo. Henderne
arbeidde med aaklæde.

— Var det noko du vilde, mor?

— Du maa aldri gjera noko vondt, Knut. Straffi
kjem so visst, so visst, og du fær aldri fred meir

. + aldri fred meir ...

— Eg veit det, mor.

— Eg er so rædd, so rædd. Eg er ein arm
syndar for Gud.

— Skal eg henta presten? — Ho laag lenge still.

— I morgo lyt du henta presten.

Men den same natti døydde ho.

Medan han sat der eine i den halvmyrke stova
og vakte yver like, og alt var dørgande stilt baade
ute og inne, kom det ein fælske yver honom, som
han aldri hadde kjent fyrr. Han saag ingen ting,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free