- Project Runeberg -  Forteljingar /
15

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

GASTEN 15

høyrde ingen ting helder ... det var der som ein
skugge, det snudde seg med honom og strauk seg
upp etter honom ... um morgoen, naar det var
ljost, vart det burte; men um kvelden kom det att,
so visst som myrkre.

Til slut vart han reint sjuk. Det dansa stjernor
for augo, han høyrde omen av kyrkjeklokkor og
mannamaal, døyvt i tung graat .. .

Han freista fyrst aa slaa det fraa seg ved aa vera
saman med dei gamle kjenningarne sine i leik og
lag. Han var vel umtykt av alle, for han kunde
fortelja so mange løglege rispor og för med so mykje
lentor og gap. — Det gjekk godt til ei tid. Han slo
dei vonde tankarne burt og var glad saman med den
andre ungdomen. Men so var det ein kveld han
gjekk yver bøen saman med ein av kjenningarne
sine — dei skulde ro yver vatne til dans — at han
kjende noko bak seg ... det var som noko vart
kviskra honom i øyra. Han hadde aldri kjent det
so tydeleg.

Han vart stur og tankefull, og sa det til venen
sin, at han ikkje hadde vidare hug til aa vera med
i dansen.

— Det var snodigt! Tek du til aa faa svein-
kallsott?

— Nei, ikkje det. Eg er berre so krimsjuk . ..

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free