Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
26 VETLE VISLIE.
fraa guten og slege paa hesten, og av stad för dei,
plent som dei var brende, — dei stana ikkje, fyrr dei
kom fram til Bøen.
Der hadde ho so gjenge ikring og leita etter
kjenningar. Nokre gutar og gjentor ho kjende fraa
grannegjelde Vardal slo seg i lag med henne. Dei
vart samde um aa gaa burt paa ei flat, og der sat
dei so eit bil, drakk øl og rødde.
Ikkje lenge etter kom Knut Nevatveit og bror
hans burt aat dei. Knut var klorande sinna, og
spurde um det var sant, at ho hadde teke taumarne
og slege paa gampen.
Ho berre sat og log.
— Aa ja, eg tarv ikkje spyrja, ser eg. Det var
det eg kunde tenkja, slik ei ufeia som du er! Men
likevel skal bror hava bank, for det han för aat som
eit naut.
So tok han bror sin og kasta honom i marki
og vilde til aa banka honom, daa ein av vardølarne
la seg imillom og bad honom halda fred.
Men Knut var no komen paa den rallen, at han
ikkje let seg telja fyre . .. han sprang ende i vere
og illhua og banna paa, at dersom nokon torde gjeta
eit ord, skulde han slaan honom so daud som
ei sild.
Vardølen kasta daa trøya, og i hop bar det med
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>