Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
PAA VILLSTRAA 37
Uppstad paa heimvegen og vore med dei uppum og
kvilt det myrkaste av natti. Ho tagde, og faren gat
ikkje meir, spurde helder ikkje kvar ho hadde vanka
um natti. Det var plent som han trudde ho hadde
funne paa dette for aa fordylja kvar ho i røyndi
hadde vore.
Men so utgjort som det daa var alt saman!
Paa tverke fraa fyrst til sist. Stundom la ho skuldi
paa faren, og stundom paa seg sjølv; til slut lova ho
paa det, at ho aldri vilde fara paa dyrskua meir.
Den kvite hela yver markerne tok no til aa
eima burt av solskine, som drog seg nedyver bak-
karne, heilt ned paa dukarne, der buskapen gjekk
og aat haa. Tenestguten kom fraa aakren, der dei
grov upp jordeple, og tok imot hesten, og i det same
kom mori ut paa hella og baud dei velkomne
heim att.
— No hev du vel havt det morosamt, Aslaug,
sa ho; du som hev lengta so etter aa koma paa
dyrskua?
— Ja, so mykje moro hev eg aldri havt, svara
Aslaug, ho snudde seg ifraa mori og freista svelgja
graaten, som vilde brjota laus. So skunda ho seg
inn paa soverome sit, grov andlite ned i sengklædi
og gret.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>