Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
46 VETLE VISLIE
og lyste paa karar og kvende. Gamle andlit, ruk-
kute og verbarka, unge andlit, blømande elder
bleike som oska, alle strenge og aalvorsame.
Ein liten kvithærd mann reiste seg — det var
Eivind Aase, den eldste kristen der i grendi. Han
skalv i mæle: «Saa skal vi begynde vor andagts-
stund med at afsynge psalmen 387: Idag er naa-
dens tid.»
Tungt og seint gjekk det; men salmen fekk daa
ein ende likevel. So reiste Jakob Myri seg og las
upp av Johannes openberring, um dei sju sigl, og
so tok han til aa preika um Guds avskræmelege
vreide, um dauden og domen, som skulde koma
det aare elder i minsto aare etter.
Han hadde mange ord, so mange, at det var
vandt for honom aa finna tankar til dei alle. Alle
dei ord og bilæte han hadde sanka i hop i gamle
postillar elder andre gudelege bøker, kom drysjande
som sand or ein sekk. Han øste seg upp i heilagt
ekse, han vreid henderne sine og gret.
Ivar sat der kald og tom og saag paa Jakob og
paa dei andre. Dei var so varme, dei kjende seg
uppglødde, mange gret. Jamvel Margit sat med
taarer i augo . . >.
Jakob slutta talen sin, og dei song ein salme.
Gamle Eivind bad daa den «kjære broder Ivar Dale»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>