Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Daa Johans Grimeland var avdanka skulemeistar
vorten, tok han stedsmaal paa ein plass langt inn
i skogen, og der budde han daa med ei gamal ugift
syster; ho var so vond og forgiftig som eiter og
varme.
Plassen var liten, og ofte hende det, at korne
fraus. Johans meinte det kom seg av at skogen
stod altfor tjukk kringum jorde, so inkje ein vind-
gust fekk lea aksi dei verste frostnæterne; men
han aatte kje skogen, stakars kroken, og hadde kje
lov til aa hogga meir en han brende upp.
Vetren var tidleg komen det aare med sterk
frost og uhorveleg stor snjo. Men fjortan dagar
etter vetternæt slo det um; snjoen braana reint
burt, og skogen stod atter like svart, medan vinden
susa so hugleg i grantopparne.
Det vart daa so haalt, at det mest ikkje var
framkjømt utanfor storvegen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>