- Project Runeberg -  Forteljingar /
67

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

EIN SNILD MANN 67

smaka, han med. Bykararne svor paa at det ikkje
tok i hovude; ikkje det minste.

Daa dei gjorde upp fyrste kula, hadde Johans
tapt fem krunor, og reiste seg so for aa gaa. Men
Nils meinte paa, at det var det ikkje meining i; han
laut faa «revangs» fyrst. Og enden vart daa, at han
sette seg att.

Han visste godt, at han ikkje hadde drukke vidare;
men likevel kjende han seg so rar i hovude. Der
gjekk tokedottar framfyre augo paa honom, stova
syntest so laag og liti, og lampa brann so sjukt . . .
alle ting var so underlege .. det var stundom som
det sveiv all ting. Han visste kje rett, um det var
sant elder berre ein draum, at han, Johans Johanssen
Grimeland, fyrr skulemeistar i Aarus-krinsen, sat der
og spela kort med ufeia og drikkaren Nils Bratterud.
Dersom presten fekk vita det, — og kva var det vel
han ikkje fekk nosi i? — so vart det nok anna en pen-
sjon. Daa vilde skulestyre skriva til stiftsdirek-
tionen, og stiftsdirektionen til regjeringi, og regjeringi
til stortinge, at skulelærar J. J. Grimeland «desværre
var genegen til drik og kortspil», — aa for eit spi-
takkel det kom til aa vertal Og Guri kom til aa
hengja honom reint upp!

Tankarne sveiv og dreiv fraa det eine til det
andre, fraa presten til bispen og attende til klok-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free