Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
70 VETLE VISLIE
rett. Skulemeistaren bad um orsaking, og dei gav
seg til aa spela att. Til slut hadde han tapt dei
ti krunorne han hadde fenge av Nils og, og daa
vart han so reint ifraa seg av harm og trege, at
han mest gret. Han helsa i handi paa dei alle og
gjekk ut; venta eit bil utanfor, for han hadde no
hug til aa segja han Nils, at han hadde bore seg
skamærleg aat.
Men Nils saag ikkje ut etter honom, som skikk
og bruk er.
Han hadde slik ein brennande hug til aa vita,
um det var so, at Nils för med fusk . . han stansa
nede ved bure, stiltra seg upp yver tune att og inn
i forstova.
Han høyrde at Nils fortalde bykararne noko
gresjeleg løglegt, og daa han hadde lydt seg til
samanhengen, skyna han at det var ei soga fraa den
gongen han vart send til hovudstaden, for aa sjaa
etter korleis Nils levde der inne. Han Nils hadde
daa fenge ein av venerne sine til aa gjeva seg ut for
styrar av den skulen der han aldri hadde gjenge, -
og han kytte av Nils, at han var reint makalaus.
Nils fortalde og, at han hadde narra skulemeistaren
med seg inn paa eit hus der det var svært mange
gjentor, og han skildra levande, kor fælen han
Johans vart, daa ei av gjentorne sette seg paa fange
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>