Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
EIN SNILD MANN 69
— Eg lyt faa nokre pengar av deg no... eg
kan kje koma heim att med tom pung.
— Det skulde du so gjerne . . men det er so
reint utgjort, du, eg hev ikkje andre en dei eg hev
vunne.
— 8So fær du laana av merkjararne!
— Ja, eg lyt vel freista daa. ..
Nils gjekk inn i stova og kom att med ti kru-
nor 1 sylv, som Johans tok imot. Det var vel, at
han ikkje kunde sjaa, at Nils hadde 500 krunor i
trøyelumma.
Skulemeistaren freista lukka endaa ein gong;
men det saag ut som korti var forgjorde. Medan
Nils sat og eva seg ein gong og ikkje visste kva
han skulde spela ut, gaadde Johans at ein av by-
kararne gjorde teikn til honom. Nils spela plent
som han hadde set korti til makker, og no vart
Johans viss med ein gong: dei för med fanteskap.
Han vart rjukande sinna, reis upp og kasta korti
sine paa bordet: «Uh for fantepakk!» fræste han.
Dei saag paa honom og flirde; Nils tok korti
og samla dei isaman, og meinte det var kje so
underlegt, at ein mann vart vond, naar han tapte i
kortspel. Han laut elles tala folkeleg og passa
kjeften sin; for dei sat der tri mann; og kunde vitna
kva han sa, um dei vilde fylgja honom med lov og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>