Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vD VETLE VISLIE
etterpaa . ... Dævelen so taka honom! Ja, det var
slik, at det var umoglegt aa tigla eidarne lenger!
Men for eit hovud .. nei, so utspekulert, so
inmari fult ...
Han skvatt upp or desse tankarne, i det at han
høyrde dumbjøllor attanfor seg. Stansa og lydde.
Det var presten som kom att fraa Heggstad .. det
var nok det klokaste aa halda seg av vegen no.
Um presten fann paa aa tala til honom, var det
uvisst um han kunde halda tankarne samla. Han
kjende seg so tung og rar i hovude; den eine tanken
för hit og den andre dit; gamle fæle hermor og
sogestubbar, vers og visor kom ranglande, utan at
han sjølv visste av det . . . og presten kunde kjenna
at han hadde drukke . . dei hadde ei fin nos slike.
Han för nedyver ein bratt bakke, stupte og slo
seg i andlite. Laag so og krabba og krak ei stund
for aa koma upp att . . det var best aa halda seg
langt or vegen, at ikkje hesten skulde kvekka og
springa ut . . kanskje han kunde drepa presten!
Stumende myrkt var det, so ein snautt kunde
sjaa neven for nosi, og sleipt var det alle stader.
Han gleid atter paa svollen, og visste ingen ting av,
fyrr han kjende han var i lufti. Han sette i eit
fælt skrik . .. daa han sansa seg atter, kjende han
brennande illt i den eine armen, og i den eine
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>