Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
82 VETLE VISLIE
Dei la ljaa og bryne fraa seg samstundes og gjekk
upp til dei andre.
Kjeftausa sat og karva tobakk i nyvylen sin.
Han var uhorveleg lang og lealaus, og skrinn som
ei turka næver; dei store augo hekk utanpaa dei
lange kjakarne, og under det krokute snyteskafte
sat ein uhorveleg brei kjeft, som han brukte jamt
og støtt; men mest naar han ikkje turvte.
«No, rauk ”n liten Knut i dag?» sa han speande.
Knut vart raud, so skamfull og sinna vart han, og
meinte paa, at han nok skulde greia seg.
«Det er kje godt aa taka den styrken ein ikkje
hev, bror!» svara Torgrim; han totte sjølv det var
so morosamt, at han sette ut ein skrellelaatt.
«Bi berre, han kjem seg nok, Knut og,» meinte
faren.
«Han vert meinedø aldri slik kar som *n Steinar,
— han hev ikkje det lage, spaar eg!»
So nemnde faren baade den eine og den andre
som seint vart heilt vaksne, men likevel gasta karar,
og so kom dei til aa røa um gamle kjempor,
karsstykke og dragsmaal, og Torgrim fekk gamlen
til aa fortelja um korleis han hadde banka upp
dei likaste kararne i bygdi.
Torgrim reis upp.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>