- Project Runeberg -  Forteljingar /
83

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

=

KJEMPETO 83

«Nei, meinedø, no lyt me uppatt, karar, elles
tek solreven ’n Knutl»

Gutarne tok samstundes upp ljaane sine og
tok paa slaa att." Det gjekk paa same vis, Knut vart
etter. So tok han i reint av sinne, rende ljaaen
inn i ei tuva og hogg ’n tvert av. So laut han og
Steinar heim og slipa ’upp ein annan ljaa, og daa
dei hadde det gjort, var det dugurdmaal.

Heile dagen etter, medan dei reiv saator og
køyrde inn høy, gjekk Knut og mylde og var vond.
Torgrim ørte honom upp enddaa meir.

Den andre dagen var det sundag, og foreldri
skulde til kyrkje. Gutungarne strauk daa uppaa
ei ækra ovanfor husi og sette seg der, til dei var
komne or augneleite.

Det var godt ver den dagen og.

Nedanfor dei laag garden med breie engjer og
aakrar. Eple-aakern för til aa bløma, og bygg-aakren
stod med store aks, som bylgja i vinden. Flugorne
surra, klegg og blindingar var helder nersøkne.
Steinar bles dei av seg, medan Knut freista aa slaa
dei i svime. Mest jamt var han so uheppen, at han
slo dei i hel med ein gong; men naar han fanga
ein klegg livande, tok han eit stivt straa, stakk det
inn attanifraa og let so «fuglen» fjuka. Daa lo han
Knut godt, og sa at no hadde daa kleggen fenge vele.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free