- Project Runeberg -  Forteljingar /
84

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

84 VETLE VISLIE

Steinar hadde so mang ein gong sagt til Knut,
at dette skulde han ikkje gjera; men i dag gat han
ingen ting.

Rett no gleid praamen attum odden, og gutarne
tok til aa dragast. Dei skulde i dag røyna, kven som
var «beste karen», — Knut heldt ikkje fred fyrr. Han
tok kvast i fyrste gongen, og freista aa slengja
Steinar i høgdi; men Steinar var for tung. So freista
han slaa krok, endaa dei hadde vorte samde um,
at dei ikkje skulde bruka knep. Men daa helder
ikkje det hjelpte, støyrde han Steinar burtyver ækra,
til han snaava i ei tuva og datt i koll.

Andre gongen tok Steinar i og braut honom
ned i eit sett. Han undra seg berre yver, at ikkje
broren var sterkare. Men Knut vilde ikkje tru det
var gjenge rett til. Han hadde ikkje fenge tak,
meinte han, og tridje gongen laut Steinar i aavelta
att. So heldt dei paa ota etter ota, og Knut vann
for det meste. Steinar lo lognt for seg sjølv, — han
laut lata broren liva i den trui, at han var beste
karen, for elles vart det ikkje fred nokon skapte
dag. Men det var no vondt aa laga seg roten og
styr, naar Torgrim saag paa det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free