- Project Runeberg -  Forteljingar /
108

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

108 VETLE VISLIE

og skriva, spræke til aa hoppa og løypa, og sterke
til aa dragast. Men han kunde tvo ting, som eg
aldri fekk lov til: Skjota med byrsa og spela paa
dragspel. Han gjekk i veideskog som ein vaksen
kar, fyrr han var sloppen fram for presten, og reint
namngjeten var han til aa spela. Dei andre skule-
ungarne totte daa han var hævare i mangt anna og,
der eg totte eg var meistaren.

Han var fæl til aa erta meg, mest naar smaa-
gjentorne høyrde det, med utnamn, og stundom med
ting som er reint unemnande, Leiv Qdden heitte
eg, for me budde der daa, og det totte han var det
underlegaste namn han hadde høyrt, og rengde det
paa alle maatar, so dei andre log seg mest i hel.
Innimillom, og helst naar me tvo var aaleine, kunde
han vera so snild og hyggjeleg, at eg trudde han
var min beste og trugnaste ven.

Kvar vetter sette eg upp snaror. Fuglen eg
fanga selde eg, og kaupte bøker og heldt blad for
pengarne — eg var so etter dei bøkerne alt daa, eg.
Han og ein av skyldingarne hans, Jon Subø, sette
og upp snaror; dei kaupte brennevin for pengarne.

Ein haust hadde Torgrim og Jon sett upp snaror
paa eigedomen aat far. Eg var tolug, eg, som eg
jamt hev vore, og gat ikke noko for dette.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free