Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
TOBGRIM OG EG 109
Men so hende det seg ein dag, at mor bad meg
ganga aat skogen etter brisk. Eg gjekk framum ei av
snarorne deira, og fekk slik brennande hug til aa
gjera dei eit spikk. Eg reiv upp noko bustelyng og
braut av nokre grankvister, og batt det saman soleis,
at naar ein var eit stykke ifraa, kunde det takast
for ein fugl. Eg smøygde det inn i snara og rende
det til, strekte det so ut og la det jamsides klufti.
Dei vilde verta fælt fegne, naar dei kom frametter
ranten og fekk sjaa fuglen.
— Der hev me ein! vilde Torgrim ropa, og so
vilde dei skunda seg fram. Eg log so det klukka i
meg.
Den andre dagen var det sundag. Fint føre og
blankt ver. Eg lengta etter aa koma ut i skibakken,
men maatte bia, til far hadde lese preika. Medan
han stræva med det, kom Torgrim og Jon inn.
Dei laut sitja, til far var ferdug. Daa spurde dei,
um eg ikkje vilde vera med ut og løypa.
Daa me kom ut i bakken, tok Jon til aa fortelja,
at dei hadde vore av og skygnt snarorne.
Um dei hadde set fugl.
Jau, der hadde vore fugl i ei av snarorne, Så
Torgrim; men no var han burte. Dei hadde set ein
farveg . ..
— Det var vel reven som . . . frette eg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>