- Project Runeberg -  Forteljingar /
113

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TORGRIM OG EG 113

vonde han hadde gjort meg, baade med og mot sin
vilje, og eg hadde beint fram uhug til aa sjaa honom
att. Eg saag mange truande glade, naar dei kunde
faa gjera uvenerne sine eitkvart godt. Dei tolde alt
og gløymde alt. Eg maatte vera annarleis laga, eg.

Eg kom ein dag til aa spyrja meg sjølv: kva
vilde Kristus gjort, um han hadde vore ute for ein
slik som Torgrim Midbø? Eg fann snart ut, at um
det turvte eg ikkje spyrja ein gong.

Um so uvenerne hans tok æra fraa honom ti
gonger, um dei pinte og skamslo honom, so sa han
likevel til dei: Eg kjem til dykk med bod ifraa Gud.
De skal ikkje ottast for det vonde de hev gjort . ..
Gud hev kasta det attum ryggen sin paa havsens
botn. Ein stein du søkkjer ned i villan hav, ser du
aldri meir . . . kanskje det stig ei bubla upp, so er
alt stilt. Alt himlens ver gjeng yver honom, bylgja
etter bylgja, men ingen storm elder straum gjeng
so djupt . ..

Men framleies hadde eg mothug mot han Tor-
grim. Eg totte det var underlegt, at Gud traadde
etter aa faa sovorne udygder inn i sin himmel.
Han lét dei liva sorglaust i gleda og syndug lyst,
til dauden kjem og skræmer dei. So tilgjev han
dei synderne deira; medan vislege folk aldri kjen-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free