- Project Runeberg -  Forteljingar /
117

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TORGRIM OG EG 117

badde han aldri funne hjaa nokon kristen all den
tid han hadde vore prest.

Sjølv no skulde han gaa fyre meg ...

Folk tok til aa røa um honom paa ein langt
annan maate en fyrr. Dei hadde gløymt, korleis
han hadde bore seg aat, daa han var i sit beste
brage, korleis han för fraa gard til gard, tura, skreik
og banna som den verste heiing.

Og Ingebjørg hadde honom kjær, det var ikkje
tvilsmaal um det. Det var berre fyrste dagen ho
gret. Sidan rødde ho klokt og greitt med meg, naar
eg sat der, elder ho fylgde meg ut paa trammen.
Det var mest um Torgrim alt saman, korleis han
hadde havt det um natti, og kva han hadde sagt.
Ein dag eg var der, fekk han ei fæl hoste-rid, so me
fælte for han kunde kovna. Ho kasta seg inn aat
honom, ho gret og skreik, at han ikkje maatte døy
fraa henne . .. eg, med mit harde hjarta, tykte han
likso gjerne kunde døy no som sidan .

Naar han var so han orka, fortalde han meg so
mykje um korleis han hadde livt. Som ein daare,
blind og dauv, fortrolla av alle vonde magter, hadde
han gjenge gjenom verdi, stunda etter gleda alt sit
liv, og trutt han skulde finna henne i dei ville lag,
i drykk og dans; men ingen stad var sæla so rædd
for aa koma inn som der. Naar han kom heim

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free