- Project Runeberg -  Forteljingar /
118

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

118 VETLE VISLIE

att, og ruse var gjenge av honom, kunde han sitja
og graata heile lange timarne, mest galen av hugverk.

No hadde han det so fredsamt og stilt. Ingen
otte meir, ingen fæle draumar um helvite; han
berre lengta, lengta usegjeleg etter den stundi han
skulde sjaa sin frelsar.

Og folk var so snille, at det var reint uventande.
Og ikkje var han uroleg meir, naar han tenkte paa,
korleis det vilde ganga Ingebjørg. Gud sjølv vilde
syrgja for henne og barne.

— Naar me kjem i himmerike, sa han ein dag,
vil me daa koma i hug det vonde me hev gjort
kvarandre her paa jordi?

Eg drog litevetta paa det, eg var kje so heilt
Viss.

— Ja, eg trur me minnest det, men utan sorg.

Han laag eit bil og saag upp i take. So sa
han: Naar det er einkvar me hev freista til synd,
og han daa vert ein gudlaus mann . .. og me fær
sjaa honom i pina, vil me daa ikkje tykkja vondt
um ’n og klaga os sjølv?

— Me trur, at Gud er rettvis, sa eg, so han
ikkje fordømer nokon, utan han sjølv er skuld i si
usæla. Og det ser me daa klaarare en her, — alt
ser me klaart daa.

— Ja, det maa vera so, sa han.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0129.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free