Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
120 VETLE VISLIE
andlite hans, og der laag han so ljos eg fager, med
sælt smil um munnen, som hadde han sovna inn.
Ho skulde helsa meg, sa ho, og takka for alt. Fg
hadde vore so god imot honom ... eg skjemdest
heiltupp. Hadde han berre kjent meg og visst kor
hardhjarta og sjølvgod eg var!
Eg kjende meg so underleg mjuk i hugen, at
eg ingen ting kunde segja, baud farvel og gjekk.
Ho kom etter meg ut og bad meg segja til mor, at
ho so gjerne vilde tala med henne.
Mor stelte seg og gjekk, — ho var burte heilt
til middag.
— Ho veit seg ingi raad, Ingebjørg no, sa ho.
Ingen hev ho til aa gjera kista. Alle karar er påa
heii, og desutan hev ho ikkje bord.
— Ja so, så eg.
— Kunde ikkje du hjelpa henne, trur du? Ho
torde ikkje spyrja sjølv ...
— Eg kan ikkje gjera likkistor, sa eg.
— Jau visst kan du, du som er so hær til aa
snikra ..
— Nei, eg hev ikkje alle greior som skal til hel-
der ... og so er det godt ver no... eg lyt byrja
slaa i morgo tidleg.
— Det fær daa vaaga seg ein dag elder so med
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>