Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
TORGRIM OG EG 121
slaatten, sa ho. Men det skynar du, at ho er so i
beit som ho mest kan bli.
Nei, det var kje raad med mor. Eg reis upp og
gjekk fram og attende, heiltupp sinna yver alt dette
paahenge, — eg totte eg hadde gjort nok, og meir
til. Eg vilde kje vera nokon dott helder ...
Eg gjekk burt i bursvali og fann fram nokre
ljaa som skulde slipast upp. Orv og brynestokk
fann eg under byra i bure, og gjekk so ut att med
det. I det same skaut det meg i hugen, at det ikkje
kunde skada aa gaa ned under bure og sjaa "paa
bordi mine. Eg hadde tvo tylfter breie furubord lig-
gjande, som eg hadde agta meg til aa gjera ein
skjenk og eit bokskaap av til vetren, naar eg hadde
stunder.
Kva hadde eg med Ingebjørg aa gjera? Kunde
ho ikkje faa ein av skyldingarne sine til aa hjelpa
seg, fekk ho ganga til fatigfuten.
— Kjem du til aa gjera kista daa? spurde ho
mor. Ho maa daa faa eit svar.
— Nei, det er dei som er nærare til det en eg.
— Skyldfolki hennar vil ikkje vita meir av henne
+++ dei tykkjer dei hev gjort nok. Ho gret, daa ho
rødde um fatigforstandaren . . . elles er han i heii,
og det er mest ei mil dit. Korleis i all verdi skal
ho koma dit?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>