Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
TORGRIM OG EG 123
vel, kor ille det var for meg, daa far din døydde,
Leiv !
Ingebjørg laga seg som ho ikkje høyrde det,
reiste seg og saag ut igjenom glase.
— Her er nauande vent her, sa ho, og sette
seg att.
— Ja, naar soli skin, sa eg.
Eg kan ikkje gjeva det namn, det eg kjende i
den stundi, — eg vart so mjuk um hjarta, at eg
mest ikkje kunde faa fram eit ord. Ho verka annar-
leis paa meg den dagen en ho hadde gjort fyrr.
Ho hadde sove og saag friskare og betre ut.
Kinni var smale og bleike, men panna kvit og rein,
og augo hadde ein underleg glans. Eg totte det var
ynde yver hende, plent som daa ho var ung gjenta.
Ho hadde no kasta dei halvfine fenteklædi eg hadde
set henne med fyrr, og bar sin gamle kyrkjebunad:
kvit linskjorta med lauvsylgja i bringa, svart klæs-
trøya og blaa by-leta stakk med svart fløyel, og paa
hovude hadde ho eit plagg, svart i botnen og med
raude rosor.
Me sette os til aa eta.
Eg kunde ikkje lata vera aa tenkja paa, kor
hugsamt det hadde vore, um ho hadde sete der som
mi kona, og vesle Torgrim hadde vore mit barn.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>