Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
122 VETLE VISLIE
— Men det vert daa ikkje mi sak?
Eg tenkte fram og attende paa dette. I grunnen
var det so meiningslaust, at eg skulde gjera kista
aat honom ... eg var korkje skyld dei elder vel
kjend med dei, og han — ja ho og — hadde ikkje
gjort meg anna en vondt.
Det høyrdest ei onnor røyst i meg, som tala so:
Nettupp difor skal du. Soleis vilde Kristus hava
gjort. Og du kan hava godt av aa tvinga din gamle
Adam, hjarta dit er hardt, og hugen din er kald.
Men eg tykte det maatte vera ei grensa for god-
leiken min. Eg hadde kje raad til aa gjera meir en
eg alt hadde gjort.
Den andre morgoen kom ho upp til os, fyrr eg
hadde rise upp. Ho raaka mor burti eldhuse, og
vart sitjande der ei stund med barne. Daa ho mor
kom inn med kaffien, spurde ho, um ikkje Ingebjørg
kunde koma inn og eta med os.
— Jau, det kan ho sagte.
Eg nøytte meg or sengi og tok sundagsklædi
paa — eg kan ikkje skyna, kvifor eg gjorde det — og
var so vidt ferdug, daa dei kom inn i stova.
Ho sat med han vesle Torgrim paa fange. Han
var nytvegen og flidd, og log so blidt imot meg.
— Herre Gud, sjaa han veslegut! sa ho mor.
No er han farlaus, han og. Ja, eg miunest
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>