- Project Runeberg -  Forteljingar /
140

(1897) [MARC] Author: Vetle Vislie With: August Berg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

140 VETLE VISLIE

- Men sidan trega ho, daa ho ottast, at Storevik
no fekk tilføre til aa fortelja Asbjørn det som
hendt var.

So var det andre dagen, ei stund fyrr dei skulde
fara, at det høvde seg so, at Asbjørn og Sigri var
aaleine i sele. Han sat tagall paa benkjen inne
med glase og saag so hugsjuk ut, at ho plent
totte vondt um honom. Ho sveiv ikring paa golve,
tok av borde og vaska upp nokre koppar. So sa ho:

— Eg tykkjer du er so sturi dag, Asbjørn? Er
det noko som bilar deg?

— Nei, kva skulde det vera ?

— Korleis kan eg vita det?

— Eger litevetta hugsjuk ... men i morgo reiser
eg paa høgfjelle.

— Du...

— Ja.

— Hev han sagt noko um meg?

— Storevik meiner du?

— Ja.

— Jøss ja daa!

— Kva hev han sagt, du?

— Aa, det er so mykje det. Du er so fager, at
han ikkje hev set maken din korkje i Kréstejania
elder paa Moss, som han segjer. Og han bannar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 14:13:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/vvfotelj/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free