Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HAMSTOLI 141
paa, at han er so «forlibt», at han snart braanar.
Det er nok best eg fær honom herifraa.
— Aa du daa! Men hev han sagt, at me, at han
og eg er...
Asbjørn reiste seg. Han kvitna i andlite og
knytte den eine handi — med ein gong skyna han
samanhengen.
— Kva meiner du, Sigri? Fr du og han alt
trulova?
Han freista segja det so kaldt og likesælt som
han kunde. Ho snudde seg ifraa honom, og ho
skalv i mæle: «Til deg kan eg segja det.»
— Eg ynskjer deg til lukke! sa Asbjørn stilt og
mjukt, mest modfallen. Du fær det visst godt ned-
paa Storevik.
Dermed gjekk han ut og vart lenge burte. Han
dreiv att og fram i skogen, og daa han ikkje kom
att, gav Storevik seg til aa ropa paa honom. Til
slut maatte han daa draga seg fram.
So baud dei vel-liva med sæterfolke og för ned-
yver aat bygdi.
III.
Fraa den dagen var det plent som det var kome
noko vondt yver Sigri; ho visste ikkje at ho hadde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>